English version of this page

Fashion India – spektakulær kapitalisme

Museet ynskjer velkommen til ei fantastisk og overdådig utstilling om den indiske overklassas mote og luksuriøse estetikk.

Utstillinga viser korleis fattige og rike i India lever i parallelle verder som er gjensidig avhengig av kvarandre. Den viser motsetningane; frå handverkarane som skaper grunnlaget for luksus til elitens overveldande bruk av pengar. Utstillinga tek deg med på ei reise, frå lokale indiske pop-fenomen til eit globalt nettverk av makt og pengar.  Den gamle Afrika-salen i Historisk museum er nå gjort om til utstillings-vindauge for moderne indisk mote, vakre kjolar og antrekk for menn, smykke, foto og film, men vi har også henta fram indiske skattar frå museets magasin.

Inspirert av fortidas India

I det nye India ser det ut til at fortida blir stadig meir viktig for overklassa. Eliten skjeler ikkje lenger mot Vesten når det gjeld klede, design og interiør, men tilbake til Indias før-koloniale fortid. Ikkje berre fordrar eliten kreasjonar inspirert av overdådigheita i det før-koloniale India, men forventar også same oppvarting og service som dei tidlegare fyrstane og hoffet. Ved å ikle seg ikon frå fortida, viser ein at ein høyrer til eliten som kan forlange og forvente ei rojal behandling.

I deira verd blir nasjonal, indisk design viktig når India i framtida blir den globale, økonomiske maktfaktoren som planleggjast. Handverkarane som faktisk vev og broderer desse fantastiske stoffa, får ingen pengar, men tilleggjast ei viktig rolle i mytane om India.

Forskingsprosjekt om indisk mote

Utstillinga er basert på Tereza Kuldovas doktorgradsavhandling om indisk mote. Dette er, internasjonalt sett, eit av dei fyrste forskings-prosjekta om forholdet mellom mote, elite, luksus, handverk, rikdom, forbruk og fattigdom i India. Tereza er også redaktør for ein internasjonal antologi om mote, utgjeven på Akademika forlag.

Publisert 23. mars 2020 10:44 - Sist endra 12. mai 2020 08:16