Gåver frå Koreas nasjonalmuseum

Koreas nasjonalmuseum i Seoul har donert desse vakre kopiane til Kulturhistorisk museum. Gåvene er eit ledd i arbeidet med å spreie kunnskap om Koreas kultur og historie. Kopiane er av høg kvalitet og er typiske for ulike periodar av Koreas historie.

Gullkrona

Bildet kan inneholde: gull, gul, metall, motetilbehør, smykker.
Gullkrona er ei gravkrone frå Silla-kongedømet på 400-talet.

Originalen blei funnen i den eine av to store gravhaugar i gravfeltet Hwangnamdaechong, og ein meiner at den har høyrd til ei kvinne. Det er den eldste kjende krona av denne typen. Dei oppreiste greinene skal symbolisere berarens kraft som kontakt mellom menneske og himmelen.

Liknande utforming finst på kroner hjå sibirske sjamanar og i samtidige graver frå Pazaryk-kulturen i Altai-fjella. Saman med likskapar i utforminga av gravhaugane tyder dette på at herskarane i Silla-kulturen var av nordleg opphav eller hadde nær kontakt med desse folkegruppene.

Gullbeltet

Bildet kan inneholde: rød, font.
Gullbeltet er frå Silla-kongedømmet på 400-talet, frå gravfeltet ved Hwangnamdaechong.

På beltet heng det fleire små gjenstandar der fem er forma som miniatyrar av dei platene offisielle personer måtte halde framfor seg under audiens hjå herskaren. Vi ser også eit fiskeforma anheng og ein liten kniv i slire.

Røykelseskar

Bildet kan inneholde: skulptur.
Røykelseskar frå 500-700 e.Kr.

Det forgylte karet er typisk for bronsearbeida frå Baekje-perioden og har både buddhistiske og taoistiske element. Behaldaren er forma som ein lotusblom med 24 kronblad i tre lag. Lokket førestiller eit mytologisk kinesisk landskap med fjell, fossar, dyrefigurar og taoistiske einebuarar. På toppen står ein føniks som held ei perle, ein magisk berar av ynskje.

Røykelseskaret har store likskapar med kinesiske kar frå Han-dynastiet, men skil seg ut ved at Baekje-karet er større og har ein drakeforma fot. Draken representerer Ying og styrer verda under vatn, medan føniksen representerer Yang og styrer i himmelen.

Folkelivsmåleri av Kim Hong-do

Bildet kan inneholde: illustrasjon, tegnefilm, uniform, kunst, hodeplagg.

Under Joseon-perioden på 1700-talet var det ei aukande koreansk nasjonalkjensle. Kim Hong-do er ein god representant for tidas måleriretningar. Måleria viser scener frå livet til folk flest; smedens virke, innhausting, jakt, brytekampar og feiring av høgtidsdagar. Måleria er ofte humoristiske, og slettes ikkje stive forteljingar om folklore.

Måleria viser tydeleg kva estetiske kvalitetar og fargeval som tiltalte dåtidas koreanske smak. Dei svoltne spøkelsa nedst i biletet er overnaturlege vesen som blir plaga av evig hunger og tørste. Oppdekkinga i midten av biletet er laga for dei. Halsane deira er så tronge at dei ikkje kan svelge mat. Det dei likevel klarer å svelge blir forvandla til eld. Berre frisk dogg kan redde dei. Frisk dogg er eit symbol på Buddhas lære. Øvst i biletet kan vi sjå sju buddhaer som reddar dei plaga.

Bildet kan inneholde: kunst, tapet, tekstil, maleri, mural.
“Kongane for søt dogg reddar svoltne spøkelse”, Joseon-dynastiet ca. 1750.

I biletet finst også scener som viser farar menneske som levde under Joseon-dynastiet kunne oppleve; samanrasa bygningar, drukning, ville tigrar. Biletet blei laga for å redde dei plaga.

Songar

Bildet kan inneholde: font.
Worincheongangjigok – ”Songar om månens gjenskin i tusen elver”,
ca. 1450.

Kong Sejong fekk oversett Buddhas biografi, Seokbosangjeol, til ære for avdøde dronning Sohyeon. I tillegg fekk han komponert ei rekkje hyllestsongar til Seokbosangjeol. Desse blei gjeve namnet Worincheongangjigok (”Songar om månens gjenskin i tusen elver”). Boka du ser her inneheld nokre av desse.

Hangul, det koreanske fonetiske alfabetet, er basert på studiar av korleis lyd blir forma. Alfabetet består av individuelle lydeiningar, slik at det kan uttrykke så å seie alle lydar.

Før Hangul-alfabetet blei teke i bruk blei den klassiske litteraturen overlevert med kinesisk skrift. No beordra Joseon-hoffet at litteraturen skulle omsetjast til koreansk skrift. Konfusianske tekstar, buddhistiske skrifter og litterære verk blei omsett og gjort tilgjengeleg.

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 3. apr. 2020 13:53 - Sist endra 13. mai 2020 08:44