English version of this page

Gokstad i nytt ljos

Eit møte mellom kunst og arkeologi.

I utstillinga møtest kunst og arkeologi for å utforske menneska og miljøet rundt mannen i Gokstadgrava. Verkemiddelet er stilleben-fotografi av gjenstandane sett inn i utstillinga. Bileta uttrykk, motiv, fargesetjing og ljos, gjev sjåaren kjensla av å kikke inn gjennom eit vindauga til fortida.

Kvart foto fokuserer på ein original viking-gjenstand, ein internasjonal skatt. Ordinære gjenstandar frå vikingtid blir genuine skattar fordi dei er bevart i 1000 år og kan fortelje oss om folk som levde i vikingtida. Trass i at gjenstandane er prega av tidas tann, består enno ein gnist av tingas vitalitet. Plassert i sitt samtidige miljø, lar denne gnisten vikingtida leve på ny.

Gokstadmannen var ein mann av høg status og omgav seg med ein stor krets av menneske. I utstillinga er desse menneska seg utanfor bileta, kanskje akkurat utanfor rekkjevidde og sannsynlegvis opptatt av kvardagens trivialitetar. Sjølv om dei berre er til stades gjennom fråver, er dei like fullt hovudpersonane i bileta som er utstilt. Fråveret av dei er nærverande og eggjar fantasien til å oppleve fortida.

Velkommen inn i vikinganes verd!

Publisert 17. apr. 2015 15:08 - Sist endra 13. mai 2020 08:44