Gravskipets siste reise - frå Oseberghaugen i Vestfold til Vikingskipshuset på Bygdøy

Den arkeologiske utgravinga av Oseberggrava i 1904 fekk den merksemda den fortente. Folk valfarta til utgravingsstaden. Osebergskipet blei transportert til Kristiania der den krevjande prosessen med å setje det saman att starta.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Væring

Det var ikkje plass til Osebergfunnet i Oldsaksamlingas lokale i Historisk museum. Tuneskipet (utgrave i 1867) og Gokstadskipet (utgrave i 1880) låg framleis i to skur i Universitetshagen. Arkeologen som hadde leia utgravinga av Oseberghaugen, professor Gabriel Gustafson arbeidde derfor for eit nybygg som skulle huse alle dei tre vikingskipsfunna. Etter ein lang diskusjon om plasseringa av bygget, blei det vedteke å byggje eit vikingskipsmuseum på Bygdøy.

Utstillinga viser bilete frå utgravinga og frå Osebergskipets reise frå Oslo til det nye museet på Bygdøy.

Publisert 17. apr. 2015 15:08 - Sist endra 4. mai 2020 08:09