Gull verdt

Gull er makt – gull gjev ære. Gjennom å gjeva ut gullmyntar, har herskarar gjennom 2600 år gjort det mogeleg å møtast og utveksle verdiar i tillit. Enkeltpersonars bragder lever vidare gjennom æresteikn i gull.

Bildet kan inneholde: mynt, metall, gull, penger, bronse.

Oppfinninga av myntar – og dermed pengar i moderne forstand - fekk store konsekvensar for menneskes verksemd med handel, jordbruk, bydanningar og samfunnsorganisering. Pengar sikra at menneske som ikkje stolte på kvarandre kunne samarbeide effektivt. Pengar er det einaste tillitsbaserte system som kan krysse nesten eit kvart kulturelt gap, og diskriminerer ikkje på religion, kjønn, rase, alder eller seksuell legning.

Det er gull alt som glimrar

Gjennom 5 000 år har gull danna utgangspunkt for status, rikdom og verdimål. Gullet løyper som ein raud tråd gjennom penganes historie, frå dei fyrste myntane frå Lilleasia omkring 625 f.Kr. opp til det 20. hundreår då gullreservar var grunnlaget for pengesystema våre.

Myntar og medaljar i gull har alltid vore forbunde med prestisje og store verdiar. Gullmyntar og gullmedaljar tronar verdimessig øvst anten det gjeld kong Krøsus’ største myntar, romerske keisarars gullmedaljongar, mellomalderens mest verdifulle utgjevnader, moderne tids ypperste myntutgjevingar eller dei mest prestisjefylte utmerkingar som blir tildelt enkeltpersoner.

Verdas fyrste mynt

Dei fyrste myntane i verda såg dagens ljos i Lydia og Jonia i dagens Tyrkia. Kong Alyattes, far til Krøsus, får æra av oppfinninga. Myntane han gav ut for over 2600 år sidan blir rekna som dei aller fyrste. Dei lydiske kongane er også dei fyrste vi kjenner til som raffinerte gull.

Introduksjonen av myntar gjorde det mogeleg å omsetje varer med profitt, og dermed å samle seg opp verdiar. Ein persons sosiale status blei gradvis meir og meir målt i mengda pengar han hadde, og ikkje som før i talet på kyr eller areal av eigedom. Mykje av jordbruks-produksjon blei etter kvart prissett på ein marknad, og det blei ei endring frå at hushalda produserte det dei trong til livsopphald til å produsere mest mogeleg for å omsetje det i pengar/ myntar på ein marknad.

Oppfinninga av myntvesenet fekk store følgjer for den tidlege moralfilosofien. Viktige spørsmål som blei drøfta var kva det gode liv var, om det å ta i mot pengar var slaveri og om det var riktig å streve etter rikdom og materielle verdiar.

Gull verdt

Utstillinga viser verdas fyrste mynt, utvalde gullmyntar gjennom 2 600 år og ei ku. Fridtjof Nansens og Roald Amundsens omfattande samlingar av ordenar og gullmedaljar er også utstilt. Og ikkje minst kan 15 000 gullmyntar frå Noregs Banks gullbehaldning sjåast i gullportalen. Gullet spela hovudrolla i eit av okkupasjonstidas største drama. Mange av gjenstandane har aldri tidlegare vore utstilt.

Utstillinga blei opna til Myntkabinettets 200-års jubileum i 2017.

Publisert 25. okt. 2018 11:04 - Sist endra 13. mai 2020 08:44