English version of this page

Hard Rock Trasé - ei reise gjennom steinalderens landskap

Ei mini-utstilling som tek deg med på ei reise gjennom steinalderens landskap i Vestfold og Telemark.

Foto: Anja Mansrud/ Per Ståle Bugjerdet/ Stine Melvold.

I dei siste åra har arkeologar frå Kulturhistorisk museum grave på tvers av Vestfold og Telemark, langs nye trasear for tog og firefelts-motorvei. Vegen og jernbanen kryssar eit tidlegare kystlandskap der det har budd menneske sidan istidas slutt og gjennom heile steinalderen. Her presenterer vi eit lite utval av dei mange tusen funn som vi har samla inn og analysert frå 2010-2012.

Vestfoldbaneprosjektet (2010-2012)

  • Kom i stand i samband med ny jernbanetrasé gjennom Vestfold og Telemark. Finansiert av Jernbaneverket.
  • 30 buplassar frå steinalderen blei undersøkt.
  • Busetjingsspora spenner over 7500 år, og dekkjer nesten heile steinalderen (9000- 1500 f.Kr.).
  • Buplassanes store tidsspenn gjer det mogeleg å danne seg eit bilete av dei lange linjene i busetjingsutviklinga i Vestfold og Telemark.
  • Prosjektet gjev ny informasjon om perioden då jordbruket blei kjend i dagens Noreg.

E18 Bommestad-Sky (2011-2012)

  • Kom i stand i samband med ny firefelts motorveg i Vestfold. Finansiert av Statens Vegvesen.
  • Ni buplassar frå steinalderen blei undersøkt,
  • Busetjingsspora spenner over 500 år midt i eldre steinalder (7900-7400 f.Kr.). Frå tidlegare var det grave ut svært få buplassar frå denne perioden.
  • Den gong stod havet mykje høgare enn i dag, og buplassane låg på øyer i ein skjergard. Folk levde av jakt, fangst og fiske.
  • Vi har funne spor etter både korte opphald og større, meir permanente buplassar med restar av bustader.

Sjå også

Flintsmeden

Morten Kutschera lagar flintreiskapar. Foto: Nicole Brody.

Publisert 21. jan. 2014 09:48 - Sist endra 13. mai 2020 08:44