English version of this page

Havet er historie

Havet er historie viser kunstverk av ti internasjonale samtidskunstnarar. Verka tek opp tema knytt til migrasjon og forflytting frå både eit historisk og samtidsaktuelt perspektiv.

Stillbilde fra filmen Paradise Omeros, av Isaac Julien.

Stillbilete frå filmen Paradise Omeros, av Isaac Julien.

Historiene i utstillinga spenner over ei tidsramme på 400 år, som byrjar med handelen med slavetvungne menneske frå Afrika og fortset fram til i dag.

Utstillingstittelen er direkte inspirert av det kjende diktet til Nobelprispoeten Derek Walcott. Denne referansen peikar på den poetiske undertonen i utstillinga, medan den også understrekar relevansen av store karibiske tenkjarar som Derek Walcott, Stuart Hall, og Édouard Glissant innanfor ein større geografisk og teoretisk kontekst.

I ei tid då dei sosiale og økonomiske effektane av migrasjon skaper ei stadig aukande utfordring for mange individ på verdsbasis, er spørsmålet korleis samtidskunstnarar kan røre ved desse tema på ein effektiv og meiningsfylt måte. Gjennom fleire stadspesifikke verk, installasjonar, video, arbeid på papir, og performance formidlar utstillinga eit nyansert bilete av migrasjon som skal bidra til både innsikt og forståing.

Kulturhistorisk museum, med sine samlinger av norsk og internasjonal kulturelle og kunstneriske artefakter som viser den norske kulturen i samspill med global kultur, er den perfekte ramme om utstillingen. Det peker på at de kulturhistoriske museenes betydelige samlinger av kunst fra ikke- europeiske områder i dag har en relevans for aktuelle debatter, som vi ofte savner når rammen om slike utstillinger er de tradisjonelle kunstmuseene.

– Øivind Storm Bjerke, Klassekampen

Stuart Hall og Édouard Glissants bidrag til kulturstudium, og Derek Walcotts dikt gjev verdifull innsikt om kor samansett migrasjon er, og bidreg til å belyse dei mangfaldige, overlappande historiene som blir formidla gjennom kunstverka.

Kurator er Selene Wendt, og utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Goethe-Institut og Fritt Ord.

I utstillinga kan du sjå verk frå desse samtidskunstnarane

  • John Akomfrah
  • Maria Magdalena Campos-Pons 
  • Andrea Chung
  • Christopher Cozier
  • Manthia Diawara
  • Isaac Julien
  • Naiza Khan
  • Hew Locke
  • Nyugen E. Smith
  • Cosmo Whyte

Det kunstnere som Akomfrah, Diawara og Khan gjør, er nettopp det Walcott etterlyste, nemlig å forsøke å konstruere et alternativ til den hegemoniske fortellingen om imperietid og postkolonial verdensorden som stabiliserende historiske systemer, og dette er «Havet er historie» et godt og viktig bidrag til.

– Fredrik Giertsen, Dagbladet

Katalog

Til utstillingen er det publisert ein katalog som vektlegg karibiske stemmer og poesi. Katalogen inneheld dikt og essays av Christian Campbell, Manthia Diawara, Linton Kwesi Johnson, Kei Miller, Annie Paul, Ishion Hutchinson, Nyugen E. Smith, Derek Walcott, og Selene Wendt.

For meir informasjon: The Global Art Projects.

Publisert 23. mars 2020 10:41 - Sist endra 13. mai 2020 08:42