Ikkje sant? Historisk museum 100 år

Tidleg i menneskeheitas historie blei det gjort ei revolusjonerande oppdaging: Element frå omgjevnaden kunne omarbeidast og takast i bruk som gjenstandar.

Alterskap i Kvæfjord kirke i Troms.

Alterskåp. Kvæfjord kyrkje, Troms, ca. 1550 e.Kr.

Dei blei både nyttige, fine og uttrykksfulle, og dei kunne brukast til å oppnå attraktive fordelar slik som mat i magen og vern mot fiendar, ver og vind. Ting kunne omarbeidast til fascinerande og tankevekkjande former, eller brukast som handfaste uttrykk for venskap og tilhøyring. Sidan har menneske og ting vore uskiljande og gjenstandar har vore uløyseleg innvovne i sosiale liv.

Deira omarbeiding og bruk har vore ein hovudarena for utfalding av menneskeleg verkekraft og oppfinnsamheit. Gjenstandar er derfor ikkje døde ting, men ein del av det å vera menneske, ladd med sosial tyding og dermed ei kjelde til innsikt i kulturar og samfunn.

Det blir hevda at gjenstandar ber i seg møte mellom menneske og levesett. Kan ting også fortelje om møte mellom forskjellige kulturar? I vår moderne verd har mobilitet og nyskapning høg verdi. Det kan vera lett å gløyme at livets utfordringar, slik som helse og religion, er fellesmenneskeleg. Gjenstandar kan gje oss kunnskap om likskapar og forskjellar i kultur og samfunn til ulike tider og på ulike stader. For å forstå dei må vi ha kunnskap om menneska som synast gjenstandane var eller er meiningsfulle. Møte med gjenstandar frå andre tider og andre stader atterspeglar eigen erfaring og felles kunnskap om dei.

Samlarens blikk er alltid farga av det samfunn og den tid samlaren lever i. Museets samlingar speglar derfor også sin eigen historie. Samtidig gjev dei ein mogelegheit til å oppdage trekk ved norske forteljingar om andre sine levemåtar og korleis eigne haldningar til andre kulturar har endra seg.

Utstillinga Ikkje sant? Historisk museum 100 år byr på gjenstandar frå alle museets samlingar. Her finst masker frå dei etnografiske samlingane, myntar frå oldtidas Kina i myntkabinettet og oldsaker frå dei arkeologiske samlingane. Ei festdrakt av fjær sydd saman av skinnet frå 150 fuglehalsar, pinsetten til å trimme skjegget frå vikingens gravgods, praktfulle treskjerings-arbeid frå Stillehavet og runepinnar frå Gamlebyen. Gjenstandar kan vera historieforteljarar berre i møtet med kunnskap om dei samfunn og hendingar som har bringa dei fram. Den materielle kulturen dei representerer er utrykk for spesielle erfaringar, levekår, verdsbilete og produksjonsformer.

Ikkje minst fortel dei om menneskes rørsle i tid og rom. Stolen frå Chokwe-folket i Angola foreinar europeisk møbeldesign med sentralafrikansk treskjerarkunst og gullringen frå Gamlebyen var sannsynlegvis produsert i Bysants på 1000-talet. I utstillinga finn du mange eksempel på slike kulturmøte uttrykt i gjenstandar.

Ting kan også skape glede over form, undring over tilbliing og gi grobotn for forsking. Mange gjenstandar er tolka inn i ein vitskapeleg samanheng som gjev ny kunnskap eller kastar ljos over møter mellom ulike kulturar. Vi har late museets fagfolk velje gjenstandar som kan fortelje ei historie om praktfullheit, sjeldanheit, spesiell innsamlingshistorie eller som bidreg til auka kunnskap og utvikling av nye perspektiv på kultur og samfunn, før og no. Utvalet i utstillinga fortel om både innsamling, bevaring, forsking og formidling i KHM. Tekstane er utarbeidd i samarbeid med det vitskapelege personalet som forvaltar og forskar på samlingane.

Scenograf og ljosdesignar har i scenesett utstillinga, og utstillinga kan opplevast gjennom både syn og hørsel. Eit audioguide system gjev deg mogelegheit til å høyre historiene og samtidig studere gjenstandane som i utstillinga er sett inn i andre rammer og samanhengar enn dei vi er vande med. Du kan sjølv velje kva monter eller gjenstand du vil sjå og lytte til. Det er lagt opp til ei vandring laust organisert rundt ein tidsakse, noko som inneber at du kanskje vil finne gjenstandar frå antikken og steinalderen i Norge i same monter. På denne måten er utstillinga ein dramatisert collage av gjenstandar frå alle samlingane i KHM, henta frå både museets magasin og permanente utstillingar. Vi håper du opplever både overrasking og opplysing.

God fornøyelse!

Medverkande

  • Foto av gjenstandar: Ann Christine Eek, Lill-Ann Chepstow Lusty, Eirik Irgens Johnsen, Ingvild Sonstad
  • Foto frå utstillinga: Mårten Teigen
  • Prosjektleiar: Tone Simensen Karlgård
  • Innhald: Kristin Iveland
  • Webdesign: John Sætrang
  • Webmaster: Arul Narendran
  • Kulturhistorisk museum, 21.10.2004

Støttespelarar

  • Levende historie
  • FotoPhono AS

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 24. mars 2020 07:59 - Sist endra 4. mai 2020 08:10