Historisk museum fyller 100 år

Bygget stod ferdig i 1902, og i 1904 kunne dei fyrste besøkjande oppleve utstillingar i eit heilt nytt og elektrisk opplyst museum.

Bildet kan inneholde: klassisk arkitektur, arkitektur, bygning, fasade, arch.

Huset var teikna av Henrik Bull og er av dei flottaste bygningane i jugendstil i Noreg. Allereie i 1897 gav Stortinget den fyrste løyvinga til bygging av eit nytt historisk museum. Sjølv om det var eit stort løft å skulle reise eit eige museum for Universitetets samling av oldsaker, myntar og etnografiske gjenstandar, var det viktig for nasjonsbygginga.

I Historisk museum har Henrik Bull blanda jugendstil med vikingtidas drakestil for å skape eit nasjonalt monument. Jugendstil eller art nouveau (i Noreg ca. 1890-1910) oppstod opphaveleg som ein reaksjon på stilkopieringar i tida før 1900 i Europa. Jugendstil kan kallast den fyrste internasjonale modernismebølgja. Stilen kjenneteiknast av asymmetriske former og ein bølgjande linjeornamentikk, inspirert av plante- og dyreornamentikk og geometriske figurar. I Noreg blei stilen fyrst og fremst brukt innan arkitektur, møblar og gullsmedkunst. Stilen fekk eit nasjonalt særpreg i Noreg fordi den blei knytt til drakestilen. Denne nasjonale varianten av jugendstil blir rekna som Noregs mest sjølvstendige bidrag til den europeiske stilhistoria.

Sjølv om Historisk museum blir rekna som eitt av Noregs viktigaste monument over jugendstilen, blei bygningen slett ikkje mottatt med jubel av alle for 100 år sidan. Arkeologane i Oldsaksamlinga meinte at stilen var så påtrengjande at den tok heilt luven frå det som skulle stillast ut. Historia om Historisk museum har sidan opninga også vore ei historie om jugend-stilens skiftande omdøme. Mykje blei øydelagt undervegs, mykje er gjenskapt og mykje er tapt for alltid.

Bildet kan inneholde: landemerke, bygning, arkitektur, eiendom, by.

Alle utstillingar ved Historisk museum

Sjå oversikta over alle utstillingar i Historisk museum, 1904-2004

Publisert 24. mars 2020 08:20 - Sist endra 13. mai 2020 08:43