Jubileumsbok: Kulturhistorier i sentrum

Jubileumsbok, Historisk museum 100 år  

Jostein Bergstøl, Arne Aleksej Perminow, Ann Christine Eek

I 1904 stod huset ferdig og opna dørene for publikum; Historisk museum på Tullinløkka. Arkitekt Henrik Bull hadde dermed plassert ein ruvande og omstridt bygning i sentrum av hovudstaden. Universitetet i Oslo fekk samtidig nye og tidsriktige lokale for sine kulturhistoriske samlingar. Huset er det beste eksempelet på jugendstilen i Noreg. Arkitektonisk speglar Historisk museum si tid. I hundre år har det også gjeve arkeologar, numismatikarar, kunsthistorikarar, lingvistar, etnografar og antropologar rom til å formidle historier om levekår, samfunnsformer og kulturvariasjon blant fortidas og jordas befolkningar. Huset rommar derfor også historier om endringar gjennom hundre år i måtar å forstå og fortelje om menneske frå fjerne tider og andre stader. Dette er historia om eit hus og menneska som har fylt det med ting og tankar for å setje kulturhistorier i sentrum.

Boken kan kjøpast i museumsbutikken på Historisk museum, eller bestillast ved å skrive til:
Kulturhistorisk museum, Postboks 6762 St. Olavs plass, NO-0130 Oslo
Kontaktperson: Jan S. Jensen, e-post: j.s.jensen@khm.uio.no

191 sider, innbunden.
Kampanjepris fram til 1.11.04: kr 299,- (vanleg pris: 349,-)
Formgjevar: Vibeke Sundbye
ISBN 82-8084-019-2

Nokre oppslag frå boka

Bildet kan inneholde: produkt, arkitektur, design, nettsted, interiørdesign.

Bildet kan inneholde: hode, menneskelig, maske, anthropology, kunst.

Bildet kan inneholde: tekst, kunst, font.

Publisert 24. mars 2020 08:09 - Sist endra 13. mai 2020 08:44