Pressemelding: Ikkje sant? Historisk museum 100 år

”Den etruskiske askekisten som stod oppå skapet var Ingvild stolt av, fordi foreldrene var stolte av den. Der hadde været brente ben i den da pappa kom hjem med den fra Italia, men tross hans protester hadde mamma tømt knokkelrestene ut i et silketørklæ og begravet dem borte i bestefars have. Selv en villfremmed etrusker syntes Anine hadde rett til å få komme i jorden og slippe å stå i dagligstuen hos fremmede som han umulig kunde føle nogen interesse for. Faren hadde forklart Ingvild hvad relieffet foran på kisten skulde forestille, derfor kunde hun skjelne Kadmos med plogen og kjempene som holdt på å komme op av jorden efter dragesæden.”

Ingvild er Sigrid Undset, faren er arkeologen Ingvald Undset, boka er ”Elleve aar” og den etruskiske oskekista er utstilt i ”Ikkje sant? Historisk museum 100 år” 

Utstillinga

I utstillinga ”Ikkje sant? Historisk museum 100 år” har vi late museets fagfolk velje spesielle gjenstandar frå alle samlingane. I utstillinga er gjenstandane sett inn i nye rammer og andre samanhengar enn dei vi er vande med. Dei er ljossett og stilt ut på ein måte som gjer at vi kan oppleve nye perspektiv ved gjenstandane. Dei er valde ut frå alle museets samlingar og henta ut av magasin og permanente utstillingar. 

Gjenstandane kan gje oss kunnskap om likskapar og ulikskapar i tid og rom. Men for å tolke gjenstandane må vi ha kunnskap om dei menneska som skapte dei.

Museumsgjenstandar appellerer til intellektet og påverkar kjenslene. Dei kan skape ei glede over forma, dei kan skape ein draum om tilbliinga og dei kan gje grobotn for undring og forsking.

Utstillinga er ein dramatisert collage av gjenstandar. Det er masker frå dei etnografiske samlingane, myntar frå oldtidas Kina og oldsaker både frå antikken og dei arkeologiske, nasjonale samlingane. Gjenstandane fortel historier på ulike nivå, anten fordi dei er praktfulle, sjeldne, har ei spesiell innsamlingshistorie eller bidreg til utvikling av nye teoriar om fortid eller samtid. Utvalet fortel om breidda i samlingane og om forskinga som føregår i museet.

Utstillinga kan opplevast på fleire måtar. Eit audioguide-system tilpassa utstillinga fortel om gjenstandane samtidig som du sjølv kan studere dei.

Historisk museum opna i 1904

Historisk museum stod ferdig i 1902 og opna for publikum i 1904. Huset er bygd som museum og er ein av Noregs flottaste bygningar i jugendstil, teikna av arkitekt Henrik Bull. Museet blei planlagt og det blei løyvd pengar då Noreg framleis var i union med Sverige. I 1897 gav Stortinget den fyrste løyvinga. Det var eit stort lyft å løyve pengar til eit eige museum for Universitetets Oldsaksamling, Myntkabinett og Etnografisk museum, men det var viktig i nasjonsbygginga.

Eit ”Norsk antiqvarisk Musæum”

Før 1800 fanst det ingen eigentlege museum i Noreg. I 1807 blei Den Kongelige Commission til Oldsagers Opbevaring oppretta i København. Selskapet for Norges Vel blei stifta i oktober 1809 med hovudformål å etablere eit eiget norsk universitet. Samtidig tok dei opp mogelegheita for å skape eit nasjonalmuseum for norsk ”oldforskning”, eit ”Norsk antiqvarisk Musæum”.

Allereie i 1810 oppfordra Selskapet sine medlemmar om å sende dei som eigde eller fann oldsaker til selskapets direksjon for å grunnleggje ei samling ”Antiqviteter”, og i 1881 oppretta dei ein ”Anitqvitetskommission” forløparen til Oldsaksamlinga.

Den 30. november 1829 opna professor Rudolf Keyser utstillinga av ”Universitetets samling av nordiske oldsaker” i eit rom i Universitetsgården i Prinsens gate. Gjenstandane var dels stilt opp langs veggane, dels plassert i pultar og skåp med glas. Allereie etter tre år var samlinga auka frå 236 gjenstandar til 538.

Keyser heldt seg fagleg oppdatert, og i 1837 omorganiserte han Oldsaksamlinga etter ”treperiodesystemet”, i steinalder, bronsealder og jernalder. Auken i mengda gjenstandar i Oldsaksamlinga skuldast særleg interesserte gjevarar som leverte oldsaker til museet og at Oldsaksamlinga dei fyrste åra hadde eit godt budsjett til innkjøp.

Myntkabinettet

Grunnlaget for etableringa av Universitetets Myntkabinett blei lagt gjennom kjøpet av 6300 greske og romerske mynter hausten 1817. Professor i gresk, Georg Sverdrup, kjøpte desse myntane gjennom ei statleg løyving i 1816.

I 1835 opna Myntkabinettet utstillingar for publikum på same stad som Oldsaksamlinga. Samlinga var no utvida med omtrent 1900 skandinaviske myntar og medaljar.

Myntkabinettet var opent mellom klokka 11 og 13 kvar måndag. 

Etnografisk museum

I 1850 kom det fyrste offisielle forslaget til Universitetets akademiske kollegium om ei eiga etnografisk samling, rett før dei nye universitetsbygningane stod ferdige. Professor Holmboe styrte Myntkabinettet og oppbevarte fleire etnografika. Stortinget ville ikkje løyve pengar til eit nytt Etnografisk museum. Men i 1854 løyvde Stortinget likevel 100 Speciedaler til driftsmidlar til eit Etnografisk museum. I 1857 opna museet dørene for publikum.

Tullinløkka

Allereie etter 25 år blei lokala for små og i 1875 blei det reist spørsmål om eit nybygg for dei tre kulturhistoriske musea som heldt til i Universitetet på Karl Johan. Det blei utlyst arkitektkonkurranse i 1890, og i 1897 løyvde Stortinget midlar til byggjearbeida på Tullinløkka langs Frederiksgate.

Vikingskipshuset

Då vikingskipet i Tune blei utgrave i 1867, kom dette som ein stor nyheit. I Universitetshagen blei det bygd eit vakkert trehus som permanent utstillingsplass for skipet. Då Gokstadskipet blei grave ut i 1880, blei det plassert i eit provisorisk treskur, også i Universitetshagen. Og då Osebergskipet blei funne i 1904 blei det plassert i eit skur av bølgjeblikk på hjørnet av Frederiksgate og St. Olavsgate.

I 1913 blei det foreslått å byggje eit vikingskipshuset på Bygdøy. Arkitektkonkurransen blei utlyst same år og vunne av den kjente arkitekten Arnstein Arneberg. Stortinget løyvde pengar til hallen for Osebergskipet og fyrst i 1926 stod fløya ferdig. I 1932 stod fløyene for Tune- og Gokstadskipet ferdig, men ikkje før i 1957 vart fløya med gravfunna frå Oseberg reist.

Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo

I 1999 ble Oldsaksamlinga med Vikingskipshuset, Myntkabinettet og Etnografisk museum slått saman til ein organisasjon, Universitetets kulturhistoriske museer. Museets hovudoppgåver er innsamling, bevaring, forsking og formidling.

Frå 16. oktober, ved opninga av Jubileumsutstillinga, forenklar vi museet namn til Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Dei største samlingane

Kulturhistorisk museum har i dag landets desidert største samling av gjenstandar frå oldtid og middelalder som er funne i Noreg. Museet har også landets største samlingar av kyrkjekunst, runeinnskrifter, myntar og andre betalingsmidlar, ordenar og medaljar, Noregs rikaste antikksamling og ei stor samling etnografiske gjenstandar. Museet forvaltar om lag 1,2 millionar gjenstandar som er lagra i ni ulike magasin under til dels svært utilfredsstillande forhold.

Ein stor organisasjon med mange oppgåver

Kulturhistorisk museum har 95 fast tilsette og 70 midlertidig tilsette, spreidd på åtte forskjellige bygningar. Museet driv aktiv forsking, både i Noreg og i utlandet, både i fortid og notid. Oceaniaprosjektet er eit stort tverrfagleg prosjekt som omfattar både arkeologi, antropologi og lingvistikk. I utgravingane i Tyrkia samarbeider arkeologar og numismatikarar frå museet med tyrkiske kollegaer om utgravinga av oldtidsbyen Metropolis. Den største gullskatten i Skandinavia, Hoenskatten frå vikingtid, funnen i Nedre Eiker, er omfatta av eit internasjonalt forskingsprosjekt som om relativt kort tid publiserer sine funn i ei bok om skatten.

Mykje av forskinga ved museet er relatert til eigne samlingar, både innanfor faga arkeologi, antropologi, numismatikk og konservering. Kulturhistorisk museum har forvaltings-ansvaret for arkeologiske utgravingar i dei ti sørnorske fylka og gjennomfører årleg større og mindre arkeologiske utgravingar. I løpet av ein sesong engasjerast ca. 150 arkeologar og arkeologistudentar til dette arbeidet. Nokre undersøkingar blir organisert som fleirårige prosjekt, for tida har museet ansvaret for dei store utgravingsprosjekta på Svinesund, E6 i Østfold, E18 i Vestfold og Gråfjellprosjektet. 

I Historisk museum får kvart år ca. 27.000 skuleelevar gratis undervisning av museets eigne pedagogar. Kulturhistorisk museum med Vikingskipshuset og Historisk museum har eit besøkstal på ca. 480.000 besøkjande i året, og er Noregs mest besøkte museum. Nesten kvar helg heile året gjennom er det opne publikumsarrangement i Historisk museum.

For trongt

Historisk museum frå 1904 er eit fantastisk bygg, men er heller ueigna som eit moderne museum. Den store mengda gjenstandar og den stadig auka aktiviteten både på forskings- og formidlingsfronten gjer det nødvendig å tenkje nytt. Vikingskipshuset er også etter kvart for dårleg utstyrt til å ta imot over 400.000 besøkjande i året.

Museet arrangerer gjennomsnittleg to temautstillingar, skiftande utstillingar, årleg. Temautstillingane er ein svært viktig del av museets formidling som gjer at museet stadig kan vise nye aspekt innanfor den arkeologiske og antropologiske forskinga. Men i den gamle museumsbygningen er det nesten ikkje plass til dei utstillingane staben ynskjer å vise fram. I Vikingskipshuset er det berre på galleriet i 2. etasje at det er mogeleg å gjera noko nytt. I museets mange magasin er det lagra gjenstandar som ville glede museumsbesøkjande.

Nytt museum i 2011

Det er planlagt eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika som skal opnast i 2011. Kulturhistorisk museum i Bjørvika skal ha kulturforståing som visjon. Det nye museet er planlagt med dei etnografiske samlingane, myntsamlingane, oldsakene frå Historisk museum og eventuelt vikingskipsfunna frå Vikingskipshuset på Bygdøy. 

Gjennom nesten heile det førre hundreåret har det verset ulike planar for utvidingar av Historisk museum på Tullinløkka og på Bygdøy fordi ein allereie på eit tidleg tidspunkt erkjente at museet var for lite.

Kollegiet ved Universitetet i Oslo sette ned ein komité som i år 2000 la fram innstillinga; ”Kulturhistorisk museum på Sørenga. Visjoner og premisser”.

I innstillinga blir det konkludert med at museet bør bli ein vesentleg del av den nye bydelen i Bjørvika. I Bjørvika blir Kulturhistorisk museum nær knytt til Oslos middelalder, det er kort avstand til den nye operaen og nærleik til kjerneområdet for det nye innvandrings-Noreg. Museet skal vera eit opplevingssentrum for publikum og ein ressurs i utviklinga av kulturforståing.

Eit nytt museum – så langt

  • I 2001 meldte Universitetet museets tomtebehov til Utdannings- og forskingsdepartementet, og Statsbygg fekk i oppdrag å sikre tomt i Bjørvika.
  • I 2002 blei det gjort ei risikoanalyse ved flytting av vikingskipsfunna til Bjørvika.
  • I august 2003 vedtok Bystyret i Oslo kommune reguleringsplan for Bjørvika.
  • I oktober 2003 blei nybygget for museet omtala i St. prp. Nr. 1 (Statsbudsjettet for 2004)
  • I november 2003 fatta Universitetets styre vedtak om vidare planlegging av det nye museet i Bjørvika med vikingskipa. Riksantikvarens motsegn mot plasseringa av museet i Mellomalderparken, er no avvist.
  • 15. juni i 2004 stadfesta Miljøverndepartementet reguleringsplanen for Bjørvika.
  • Fire arkitektfirma arbeider no med parallelloppdrag for å visualisere det nye Kulturhistoriske museet i Bjørvika.

Plakat for utstillinga

Bildet kan inneholde: font.
Last ned plakata som PDF-fil
Bildet kan inneholde: sirkel.
Gullsmykke med emalje, frå Bysants. Foto: Eirik Irgens Johnsen, UKM. Last ned biletet i full storleik
Bildet kan inneholde: hodeplagg.
Melanesia. Foto: Ingvild Sonstad, UKM. Last ned biletet i full storleik

Pressemelding 28. september 2004

Publisert 24. mars 2020 08:35 - Sist endra 13. mai 2020 08:44