Inkagjenstandar i Historisk museum

I 2018 beslagla politiet fleire inkagjenstandar i Oslo. Eit samarbeid mellom Perus ambassade i Oslo, Kulturministeriet i Lima, Kulturdepartementet,  Utanriksdepartementet og Kulturhistorisk museum har resultert i at dei over 500 år gamle gjenstandane no kan returnerast til Peru.

Utstillingsmonter.

Utstillingsmonteret for inkagjenstandane.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Asbjørn Ness

Kulturgjenstandar som blir tatt ut av sine opphavsområde utan nødvendig løyve blir kalla for ulovlege kulturminne. Dei er ofte eit resultat av humanitære katastrofar som følgje av krig og kriser i sårbare delar av verda. Men mange gjenstandar blir også smugla ut for sal på den internasjonale kunstmarknaden. Ettertrakta arkeologiske gjenstandar blir i aukande grad betrakta som kunstgjenstandar på den private samlarmarknaden. Dette rammar kulturarven og dermed historia og identiteten til mange folkeslag i verda. 

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen Holte.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen Holte.

FN har vedteke ei rekkje konvensjonar for å forhindre ulovleg handel med kultur-gjenstandar. Den viktigaste av dei, UNESCO-konvensjonen av 1970, blei fyrst ratifisert av Noreg i 2007. Dette fekk følgjer for norsk lovgjeving.

Men få land har klart å etablere ein effektiv kontroll for utførsel av kulturgjenstandar. Lovverket varierer mykje frå land til land. Dei internasjonale konvensjonane pålegg den som ynskjer å ta kulturgjenstandar ut av eit land å setje seg inn i lovverket som gjeld i kvart enkelt tilfelle. Men dette kan være vanskeleg i land der lovverk og føresegner er lite tilgjengeleg og kjennskapen til lovverket er dårleg i befolkninga. Likevel er dette eit viktig punkt i lovverket, også her i Noreg.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen Holte.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Ellen Holte.

Her i landet er det forbode å importere kulturgjenstandar utan lovmessig eksportløyve frå opphavslandet. Eit slikt løyve er svært viktig sidan det vil bli etterspurt om ein seinare skulle ynskje å ta gjenstanden ut av landet att. Eksport-kontrollen i Noreg har som mål å hindre utførsel av kulturminne funne i Noreg, og å fange opp gjenstandar som i utgangs-punktet er ulovleg innført i landet.

Dei 13 gjenstandane som blir stilt ut i Historisk Museum, 2. etasje, er eksempel på arkeologisk kulturarv som har blitt teke ut av opphavslandet utan løyve, og ulovleg bringa inn i Noreg. Kulturhistorisk museum er ein midlertidig heim for denne kultur-arven, som snart er på veg heim att.

Les meir

Publisert 9. nov. 2018 10:08 - Sist endra 13. mai 2020 08:42