English version of this page

Fridommens arena

Fridommens arena er ein møteplass med utstillingar, førestellingar og debattar.

Bildet kan inneholde: glass, tak, interiørdesign, møbler, rom.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Toril Cecilie Skaaraas Hofseth

FRIDOMMENS MANGE ANSIKT? Når du kjem inn i Fridommens arena blir du møtt av ansikt og blikk i skulpturtrappa. Både vakre og skremmande gjenstandar er valde ut ifrå samlingane fordi dei har sterke personlege uttrykk; dekorerte kranium frå Papua Ny-Guinea, skrump-hovud frå Ecuador, lækjedomsmasker frå Sri Lanka, måla mellomalder-kunst og gravbyster frå Syria.

TINGPLASSEN. Þing viser fersk forsking frå museet. The Assembly Project studerer tingplassanes utvikling i Nord-Europa; folk møttest på utvalde stader i nærområdet for å ta avgjerder på vegne av fellesskapet. Kanskje det ikkje var kongen som samla landet til eitt rike, men tinget og det lokale samhaldet. Då den kristne kongemakta voks fram, gjekk det på kostnad av folkestyret, men med etableringa av Stortinget i 1814 kom representasjonstinget tilbake.

DEBATTARENA. I arenaens hjarte skal folk møtast til dyst. Vi har invitert ei rekkje kloke hovud og kreative sjeler til å vise oss kva fridom tyder for dei. Vi inviterer til debatt om fridommens grenser. Kor langt kan vi gå?

I FRIDOMMENS ARENA. I vår finn arrangementa hovudsakeleg stad tysdag til torsdag kl. 17.30. Museet held kveldsopent arrangements-kveldane og startar med omvising kl. 17. Arenaen er ofte ledig på dagtid, ta kontakt og bruk stemma di i Fridommens arena!  javielsker@khm.uio.no

Last ned programhefte for debattar og arrangement.

 

Frå arenaen går du vidare inn i Minus fem.

 

 

Av Svein H.Gullbekk
Publisert 7. mai 2013 11:25 - Sist endra 25. mai 2020 07:32