English version of this page

Den forbodne salongen

"Trykkefrihed bør finne sted", vedtok grunnlovs-forsamlinga for 200 år sidan. Den forbodne salongen viser bøker og andre media som vitnar om frykt for at ord skal bli alt for frie, både i Noreg og andre land. I utstillinga møter du også fribyforfattarar som fortel om ytringsfridommens pris i deira heimland. Vi inviterer til avkopling og refleksjon om fridom i Den forbodne salongen.

Boken Bambi

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

På iPad kan du sjølv sjekke sensurens historie på nettstaden Beacon for Freedom of Expression. Eller du kan høyre musikarar som fortel om kvifor dei sensurerar seg sjølve. I bokhylla kan du bla i sensurert litteratur, følgje med på debatten om ytringsfridom eller lese bøker om kva det vil seie å elske fridom.

«At indskreænke den Frihed at tænke og at skrive, er det største af alle Absurditeter, Bedragerier og Forbrydelser mod Gud og Mennesker.»

Redaktør Peterson, Trondheim, 1798.

«Jeg har brukt ytringsfriheten min, men det har også begrenset bevegelsesfriheten min.»

Amal Aden, Oslo, 2013.

Møt fribyforfattere onsdagar i museet til hausten (kl. 17.30)

Tusenvis av forfattarar er fengsla eller forfulgt på grunn av sine ytringar. Enkelte blir brakt til tausheit for alltid. Derfor har mange byar bestemt at dei skal vera ein friby, ein by som tilbyr forfulgte forfattarar ein fristad der dei kan uttrykke seg utan å bli sensurert eller måtte frykte for sitt eige liv. Det finst meir enn 40 fribyar i verda og 12 i Noreg.

Her kan du lese meir om fribyforfattarane.

 

10. september: Abduallahi Muhiaddin, karikaturteiknar og journalist, Somalia/Skien

17. september: Kareem Amer, bloggar, Egypt/Bergen

24. september: Asieh Amini, forfattar og menneskerettsaktivist, Iran/Trondheim

8. oktober: Basim Mardan, forfattar, Irak/Skien

15. oktober: Dessale Berekhet Abraham, forfattar og journalist, Eritrea/Bø i Telemark

22. oktober: Kosar Fattahi, forfattar og journalist, iransk Kurdistan/Oslo

"Min penn er skarpere enn deres sverd!"

Fribyforfatter Dessale Berekhet Abraham

 

Den forbodne salongen er laga i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, ICORN/fribyforfattarane, Norsk PEN, Fritt ord, Freemuse, Communicatio forlag, Universitetsforlaget, Cappelen Damm, Humanist forlag, Fagbokforlaget, Samlaget, Pax, Spartacus forlag.

Av Martin Hager-Saltnes
Publisert 7. mai 2013 11:18 - Sist endra 25. mai 2020 07:32