English version of this page

Den tunge bagasjen: Gullskatten og nasjonens fridom

Gullet som blei evakuert framfor nasen på tyske okkupasjonsstyrkar 9. april 1940. Gullet som danna basis for gullstandarden i Noreg frå 1875. Gullet som sikra Noreg medlemskap i internasjonale organisasjonar. Gullet som finansierte motstandskampen mot tyskarane.

Bildet kan inneholde: begivenhet.

Foto: Kulturhistorisk musem, UiO / Kirsten Jensen Helgeland

Dette gullet har hatt ein legendarisk plass i det norske folks bevisstheit. Det førte til at Noreg kunne spele ei rolle, ein nasjon som kunne reknast med. Gullet, som danna grunnlag for det frie Noreg, blir stilt ut som ein del av Ja, vi elskar fridom, her i Historisk museum heilt fram til 2016. Gullet danna utgangspunkt for ei utstilling om nasjonens fridom. Dette er fyrste gong gullet blir vist fram offentleg. Gjennom ein dramatisk teikneserie av kunstnar Melanie Sourisseau på veggane blir vi kjende med Fredrik Haslund og andre heltar som redda gullet frå nazistane under 2. verdskrig. Redningsaksjonen blei kalla "Den tunge bagasjen".

Den tunge bagasjen i media

Sjå NRK Kveldsnytts innslag her, frå 7. mai 2014 (klikk på biletet under).

Sjå VGs sak her, frå 8. mai 2014 (klikk på biletet under).

Les om Erling (94) som risikerte livet for Noregs gull i 1940,
frå NRK Nordland 10. mai (klikk på biletet under).

Les "Gullet som Hitler ikke fikk", i Dagens Næringsliv (klikk på biletet under).

Opp trappa frå Noregs Bank-salen, kjem du til Stairway to Heaven.

 

Av Tone C.S. Karlgård/Svein H. Gullbekk
Publisert 7. mai 2013 11:21 - Sist endra 25. mai 2020 07:32