English version of this page

Det femte rommet

Utstillinga i Quislings bunker Gimle tematiserer nazistanes historieforvrenging, og bruken av norrøn symbolikk står i sentrum her i Quislings residens.

Bildet kan inneholde: rom, bygning, crypt, hvelv, arkitektur.

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) på Bygdøy. Foto: HL-senteret

I samband med Minus fem viser Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) på Bygdøy element av denne utstillinga i bunkeren frå Vidkun Quislings tid. Her får vi ein glimt av det norrøne mythos Quisling ville skape i bustaden sin, "Gimle". HL-senterets utstilling i Quislings bunker fokuserer spesielt på Nasjonal Samling, Vidkun Quisling og hans residens «Gimle». Heilt frå partiets stifting i 1933 ynskte NS å framstille seg som «rotnorsk», og ikkje ein kopi av italiensk fascisme eller tysk nazisme. Partiet tok derfor det norrøne solkorset som emblem, brukte omgrep som «ting» og «hird» og produserte propaganda full av runer og vikingar.

Då Vidkun og Maria Quisling flytta ut til Villa Grande ved årsskiftet 1941-1942, hadde arkitektane Essendrop og Egeberg også gjort sitt for å byggje opp om denne myta ved å stilisere NS-leiarens residens som eit norrønt «høvding- og kongesete». Bygningen, som no blei kalla «Gimle» etter namnet på gudanes heim etter ragnarokk, hadde fått eit eksteriør med norrønt preg, med drakehovudliknande relieff på tårnet og eit inngangsparti med massive utskorne tresøyler, dekorasjonar og innreiing som i stor grad var halden i «nasjonal» og «norrøn» stil.

Besøksadressa er Villa Grande, Huk Aveny 56, 0287 Oslo.

Publisert 2. apr. 2014 16:15 - Sist endra 25. mai 2020 07:32