English version of this page

Grunnlovsjubileet 1814-2014

Utstillinga Ja, vi elskar fridom [Ja, vi elsker frihet] er UiOs hovudarena for Grunnlovsjubileet 1814-2014. Fotokunstnar Lill-Ann Chepstow-Lusty og numismatikar Svein Gullbekk, fekk frie taumar til å kuratare ei utstilling der omgrepet fridom blir utforska, utfordra og behandla i skjeringspunktet mellom kunst og vitskap. Utstillinga held opent frå 17. mai 2014 til 4. januar 2015.

I Fridommens arena: Boklansering Helvetes engler. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Toril Cecilie Skaaraas Hofseth

Her blir praktgjenstandar stilt ut, og med eit stjernelag av føredragshaldarar på programmet skaper vi ein stad for debatt, provokasjon, refleksjon og dialog.

I utstillingas åtte sektorar blir fridommens grenser og mogelegheiter utforska:

Den tunge bagasjen

I Den tunge bagasjen kan du oppleve sjølve Gullskatten som sikra Noregs sjølvstende. Gullmyntane blir stilt ut for fyrste gong.

Stairway to Heaven

I Stairway to Heaven blir røykaren stilt ut som eit kulturhistorisk minne, samtidig som røykelova i Noreg og diskusjonar om individets fridom blir iscenesett.

Fridommens arena

Fridommens arena er utstillingas hjarte der energien, tema, spørsmåla og kunnskapen frå alle utstillingas organ blir pumpa igjennom via debattar og andre uttrykksformer.

Minus fem

I 2014 blir grunnlovas 200 årsjubileum feira, men kva med dei fem åra som grunnlova var sett til sides? Stikkord for Minus fem er nazistanes propaganda og arkeologi i Noreg.

Det femte rommet

Som ei forlenging av Minus fem, har HL-senteret  produsert ei utstilling, kalla Det femte rommet. Det femte rommet er Quislings bunker på Villa Grande på Bygdøy.

Pride

Pride er ei fotoutstilling om homohistoria i Noreg frå 1972 til i dag.

Helvetes englar

Helvetes englar er ei fotoutstilling av Marcel Leliënhof med dokumentasjon av livet innanfor Hells Angels i Noreg. Den stereotype easy rider-figuren og ideen om eit fritt liv utanfor det etablerte samfunnet er for mange eit sterkt symbol på fridom.

Den forbodne salongen

I Den forbodne salongen blir historier om sensur og ytringsfridom fortalt gjennom forbodne bøker, 12 fribyforfattarar busett i Noreg og databasen Beacon for Freedom of Expression.

Arrangør

Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo