English version of this page

Minus fem

Ja, det er 200 år sidan landet fekk si grunnlov, men kva med dei fem åra som grunnlova var sett til sides?

Bildet kan inneholde: bygning, interiørdesign.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Lill-Ann Chepstow-Lusty

Den 9. april blei Noreg invadert av Nazi-Tyskland. Nokre månader seinare innsette okkupantane Vidkun Quisling og hans mikroparti Nasjonal Samling som kollaborasjonspartnarar. På tyske bajonettar blei det innført eit styre der dei demokratiske og rettsstatlege prinsippa blei sett til sides. I fem år var Noreg ikkje lenger fritt. 

Målet for dei tyske og norske nazistane var å forme om det norske samfunnet til ein raserein og ideologisk einsretta førarstat. For å legitimere dette totalitære prosjektet ville dei forme om nordmenns bilete av fortida. Også historia skulle okkuperast. Ved ein selektiv, forvrengt og feilaktig framstilling av arkeologien, etnologien og historieforskingas resultat skulle nazismen presenterast som oppfyllinga av «historias meining».

I samarbeid mellom utstillingas kurator Lill-Ann Chepstow-Lusty, seniorforskar Terje Emberland ved Holocaust-senteret, og arkeologar frå KHM, blir nazistanes fortidsfantasiar og ei forteljing om ukjende, og kanskje også ubehagelege, sider av førkrigs- og faghistorie avdekt.

Ein annan del av okkupasjonshistoria kan du oppleve i Den tunge bagasjenHL-senteret - Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter har produsert ei forlenging av denne utstillinga som kan sjåast på Villa Grande på Bygdøy, kalla Det femte rommet.

 

Frå Minus fem går du inn i Pride-rommet.

 

 

Av Tone C.S. Karlgård
Publisert 26. nov. 2013 17:21 - Sist endra 25. mai 2020 07:32