English version of this page

Pride

Pride er ei fotoutstilling om dei homofiles rettar i Noreg frå 1972 til i dag.

Bildet kan inneholde: rom, kunst.

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Lill-Ann Chepstow-Lusty

Få samfunnsgrupper i Noreg har opplevd ein slik betring i fridom og livsutfalding i løpet av kort tid som dei homofile. Sidan 1980-talet har homsar og lesber gjort seg synlege i samfunnet med politisk kampvilje og fargerik livsglede. I Pride visast for fyrste gong ei kronologisk fotoutstilling frå politisk arbeid og demonstrasjonar, festar og sosialt liv i homorørsla. Fotomaterialet er henta frå arkiva til Leif Pareli/ Norsk Folkemuseum og homoavisa Blikk.

I juni 2014 er Oslo vertsby for Europride, ei internasjonal markering som rommar begge sider av homokampen: Alvor og kampvilje kombinert med glede og fest. Utstillinga vår er ein av attraksjonane og Historisk museum er denne veka Pride House - EuroPrides hovudarena for politikk og debatt. Sjå Pride House-programmet vårt her!

Pride i media

Ser du kva som er nytt ved dette "historiske måleriet"? Frå tv2.no 10.mai (klikk på biletet under).

Her er "Eidsvollsmennene" utan bukser, frå nrk.no/ 17mai/ 12. mai (klikk på biletet under).

Bamser skaper furore, frå blikk.no 14.mai.

 

Gå vidare inn i Helvetes englar.

 

Av Tone C.S. Karlgård/Lill-Ann Chepstow-Lusty
Publisert 26. nov. 2013 16:08 - Sist endra 25. mai 2020 07:32