English version of this page

Stairway to Heaven

Å røyke har gått frå å vera ei glamorøs handling til å bli ein skitten vane for den uopplyste som stadig støyter den sårbare ikkje-røykarens strev etter helse. På vegne av dette sårbare individet, og mot den uopplyste irrasjonelle røykaren, har Staten laga eit forbod mot røyking på ei rekkje offentlege stader og plassert urovekkjande helseåtvaringar på sigarettpakkene.

Bildet kan inneholde: arch, bygning, eiendom, arkitektur, rom.

Oslos siste røykerom?

Foto: Kulturhistorisk museum, UiO / Toril Cecilie Skaaraas Hofseth

På bakgrunn av dette oppstår det fleire vanskelege spørsmål: Korleis konstruerer Staten oppfatninga av ei gruppe menneske som anten "sårbare" eller "uopplyste"? Skal Staten behandle borgarar som barn og anbefale "det rette livet", innføre forbod og kome med åtvaringar? Er denne Staten i stand til å respektere innbyggjarane som frie menneske? Er den norske røykelova ei forbodslov slik som nokon vil hevde, eller som andre meiner, ei fridomslov? Kva retorikk blir brukt når vi blir tvinga til å velje mellom fridommen frå røyk eller fridommen til å røyke?

Installasjonen Stairway to Heaven stiller synspunkta til to professorar opp mot kvarandre; Asbjørn Kjønstad, røykelovas far og professor i sosialrett og den austerrikske professoren i filosofi, Robert Pfaller. Installasjonen viser også ein kunstvideo med ein diskusjon om røyking og ein vegg av «trigger words».

 
Last ned mediefil

 

Frå Stairway to heaven går du inn i Fridommens arena.

Av Lill-Ann Chepstow-Lusty og Tereza Kuldova
Publisert 2. apr. 2014 16:15 - Sist endra 25. mai 2020 07:32