English version of this page

Kjær leik/ Secret Love

Kunst om skeiv kjærleik i Kina og Norden møtast i Historisk museum. Opp gjennom historia har skeiv kjærleik manifestert seg på ulike måtar. Kunsten kan fungere som eit speglbilete av kjærleiken, og sårbarheita som følgjer med. I denne utstillinga brettar kunstnarar frå Kina og Norden ut sine liv, historier, draumar og lyster.

Bildet kan inneholde: bryllupskjole, brud, fotografi, gown, brudeklær.

Foto av Yang Guowei som finst i utstillinga "Secret Love"

Opplev eit breitt spekter av kunst og kunstnarar

Utstillinga viser verk frå kinesiske og nordiske kunstnarar over ein periode på hundre år:

  • Fotoutstillinga Secret Love er utlånt frå Världkulturmuseerna i Stockholm og viser krafta og endringane i det kinesiske samfunnet og betydinga den har for LHBTI-personer. På Historisk Museum kan publikum oppleve verk av 20 kjende kinesiske samtids-kunstnarar som blant anna Gao Brothers, Chi Peng, Ma Liuming, Zhang Yuan og Shi Tou.
  • Bolette Berg (1872-1944) og Marie Høeg (1866-1949) er eit ikonisk norsk lesbepar som rundt 1900-talet tok ei mengde bilete av kvarandre og andre der dei leika med identitet, kjønn og nærleik.
  • Sam Hultin er ein svensk samtidskunstnar som arbeider med marginaliserte sine historier og skeiv historieforteljing gjennom performance og video. Hen har laga eit nytt verk til utstillinga om den opphøgde kjærleiken til transpersonar.
  • Martine Næss Johansen, ein Oslo-basert forfattar og SLAM-poet, har bidrege med eit spesiallaga verk til utstillinga.

Foreinte krefter

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunstplass (kunstplass5.no) og Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo. Takk til Världkulturmuseerna (varldskulturmuseerna.se) i Stockholm og Preus Museum (preusmuseum.no) i Horten for utlån av kunstverk, og Skeivt Arkiv (skeivtarkiv.no) for gode råd og innspel.

Sjekk ut

Publisert 11. mai 2018 11:08 - Sist endra 4. sep. 2020 12:36