English version of this page

Letting Go – Å gje slepp

Velkommen til ei utstilling om tap og sorg i ei materiell verd.  

Bilde fra fretex, et brodert bilde med teksten velkommen til vårt hjem på

Letting Go/ Å gje slepp er ein installasjon som reflekterar rundt døden og det å miste nokon, frå minna står klart i hukommelsen til dei etter kvart blir fjernare og fjernare. I utstillinga har vi gjeve nytt liv til gjenstandar som er gjevne bort til Fretex. Ting som ein gong var viktige i nokon sine liv.

Letting Go/ Å gje slepp forsøker å byggje ei kunstnarisk bru frå det vitskapelege forskings-prosjektet Death, Materiality and the Origin of Time, der antropologar, arkeologar og medieforskarar undersøkte korleis menneske i ulike kulturar og til ulike tider har skapt eit forhold til døden.

Kurator Alexandra Schüssler er ansvarleg for utstillinga. Ho er utdanna antropolog, og jobbar til dagleg som kurator på designskulen Schule für Gestaltung i Basel. Sidan 2011 har Schüssler i samarbeid med Peter Bjerregaard vore ansvarleg for ei rekkje eksperimentelle designprosjekter knytt til Death, Materiality and the Origin of Time.

Utstillingsansvarleg

Peter Bjerregaard

Publisert 1. sep. 2017 14:01 - Sist endra 13. mai 2020 08:44