English version of this page

Møte menneske i mellom − Carl Lumholtz' fotografi frå Mexico 1890-1910

Den norske utforskaren Carl Lumholtz reiste til Mexico for å lære meir om urfolk. No får vi ein ny sjanse til å bli kjende med han.

Bildet kan inneholde: mennesker, stamme, tilpasning.

– Ta-te-Wa-Li, eldguden, omgjeven av seremonielle piler festa i seremonielle stolar, og nokre av templets funksjonærar, skreiv Lumholtz om dette fotografiet han tok av representantar for Huichol-folket (eit indianerfolk) nær Santa Catarina i Jalisco, Mexico i 1895. Foto: KHM/ UiO

No kan du sjå eit utval av fotografia til Lumholtz i Historisk museum i utstillinga Møte menneske i mellom − Carl Lumholtz' fotografi frå Mexico 1890-1910.

Blant verdas antropologar er oppdagaren frå Noreg eit kjent namn, og i USA og Mexico blir Lumholtz omtala i same andedrag som Stanley og Livingstone. Carl Lumholtz var ein pioner på fotografiets område, men i Noreg er han så godt som ukjend.

Vende seg utover

Lumholtz var offisersson og teolog frå Lillehammer som var meir opptatt av folk og natur enn av forholdet mellom Gud og menneske. Han reiste i Mexico med ein guide og ein tolk mellom 1890 og 1910. Han drog dit nesten ingen annan europear tidlegare hadde sett sin fot, på oppdrag frå American Museum of Natural History og American Geographical Society.

Blei kjend med urfolk

Hans fyrste reise var på oppdrag frå Naturhistorisk museum i Oslo og gjekk til Australia i åra 1880 til 1884. Mellom 1890 og 1910 reiste han til Sierra Madre-fjella og Sonora-ørkenen i Mexico. Lumholtz ville lære meir om dei menneska han møtte. Berre saman med éin tolk og éin vegvisar, utforska han dei harde og ugjestmilde landskapet på leit etter indianarar som budde i området, Huichol-folket og Tarahumara-folket. Han blei kjend med dei, men ikkje før han beherska songane og noko av språket deira.

Folka Huichol og Tarahumara

Utstillinga viser 43 av dei fantastiske fotografia han tok av folka Huichol og Tarahumara.

– Han var prega av tidsanden og synet på «primitive» folkeslag, men dess meir han blei kjend med dei folkeslaga han møtte, desto meir endra han syn på dei, og fordommane blei forvandla til stor respekt, seier fotograf og ansvarleg for utstillinga, Ann Christine Eek.

Eek har arbeidd med Lumholtz i meir enn 20 år og har følgd spora hans i Mexico. I USA førebu ein no ei bok med 225 fotografi frå Lumholtz’ ekspedisjonar i Mexico og Arizona mellom 1890-1910, med blant anna ein artikkel om han forfatta av Ann Christine Eek.

Gløymd i Noreg

– Eg trur ikkje folk i Noreg heilt skjønar kor stor Lumholtz er ute i verda. Noko av forklaringa på at Lumholtz blei gløymd i Noreg er vel at han reiste til USA og busette seg i New York allereie i 1890. Der døydde han også, ugift, men veldig berømt, seier Eek.

Sjå eit utval av fotografia

Publisert 23. mars 2020 10:44 - Sist endra 13. mai 2020 08:42