NyArktis

I NyArktis skal eit knippe av kjende Arktisforskarar, norske og internasjonale, saman eksperimentere med nye måtar å stille ut Arktis på. Utstillinga skal ikkje bare sjåast, men også høyrast og kjennast. Vi utfordrar publikum til å sjå museets Arktis og NyArktisutstillingar i samanheng. Har du tenkt på kva Arktis er for deg?

Bildet kan inneholde: himmel, hav, sand, landskap, fjell.

Seljakt på Baikalsjøen. Foto: Rob Losey, University of Alberta.

NyArktis har sitt utgangspunkt i prosjektet Arctic Domestication som utfordrar den store vestlege sivilisasjonshistoria. Denne historia fortel at jordbruk og husdyrhald la grunnlaget for vår sivilisasjon, med komplekse samfunn og hierarkiske relasjonar. Sentralt i denne forteljinga står ideen om ‘domestisering’ – forstått som ein nesten total kontroll av dyr og planter for menneskelege formål.

Men finst det berre éi sivilisasjonshistorie? Er sivilisasjon einstydande med hierarkiske relasjonar, kontroll av dyr og planter og privat eigedomsrett? Korleis skal vi i så fall forstå alle andre; som arktiske folk, jegar/sankarar utan permanent bustad, eller alle de som ikkje har drive med jordbruk og husdyrhald?

Denne utstillinga tematiserer konsekvensane av den gjeldande forteljinga om domestisering og sivilisasjon for forståinga av Arktis. Vi viser korleis historia om domestisering som kontroll underbyggjer førestellinga om Arktis som villmark, open, urørt og tilgjengeleg for ressurs-utnytting. Vi viser korleis Arktis blei skapt som ein stad der den vestlege mann kunne ‘oppdage’, erobre, sivilisere og hevde sin rett. Her er fangstfolk og gullgravarar blitt etterfølgd av vitskapsmenn og misjonærar, som i dag er avløyst av geologar og globale investorar.


NyArktis bidreg til å omdefinere domestisering med utgangspunkt i Arktis. Her finn vi at relasjonar mellom menneske, dyr og landskap er like bestandige og føreseielege som livsgrunnlag som overalt elles, men at de ofte er blitt oversett eller forteia.

Kan vi ‘vitskape’ ei annan Arktishistorie? Om ikkje innhaldet av den vestlege sivilisasjons-historia blir teken for gjeven, så vil vi lettare sjå at folk i Arktis har inngått i omfattande relasjonar, som knyter dyr, menneske, og landskap saman. Desse er igjen del av komplekse politiske strukturar, handelsrelasjonar, og ulike former for bruk av − og rettigheiter til − land og vatn.

NyArktis er opent i den Raude Sone mellom 29. april og 12. juni. Kom og lær meir om kva Arktis kan vera. Utstillinga spring ut av prosjektet Arctic Domestication in the Era of the Anthropocene, ved Senter for Grunnforskning (CAS). NyArktis trekkjer på ulike fagdisiplinar, og innsikt frå forskarar som er knytt til prosjektet: Marianne Lien, Liv Østmo, Britt Kramvig, Natasha Fijn, Rob Losey, Heather Swanson, Nancy Wachowich, John Law, Berit Kristoffersen, Sverker Sörlin og Gro Ween. Prosjektleiar for utstillinga er Gro Ween, design er ved arkitekt Åsmund Steinsholm.

Høyr podcast om utstillinga her.

Filmane som blir vist i taket er korte utdrag frå Aatsinki. The Story of Arctic cowboys, av Jessica Oreck, Myriapod Productions LLC, og Dreamland av Britt Kramvig og Rachel Gomez, Sonar Film. Kortfilmane som blir vist er Reindeer, av Eva Weber og Odd Girl Out Productions, og Moving with the Reindeer in the Winter av Jan Helmer Olsen. 

Filmane som blir vist på ipad i teltet er laga av Liv Østmo, Rob Losey, og Mittimatalik Arnait Miqsuqtuit Collective (bildeserie og film). I tillegg kan du sjå Arktisforskarar frå Senter for Grunnforskning (Centre for Advanced Studies): Andrew Matthew, Heather Swanson, Britt Kramvig, Marianne Lien, Gro Ween, Rob Loosey, Diane Gifford-Gonzalez, John Law, Sverker Sörlin, Gísli Pálsson og Frida Hastrup. 

Lydverket i utstillinga er Levende Land Under som Over av Margrethe Pettersen, musikken i verket er av Christian Hollingsæter. Geir Tore Holms skulptur Omasum, bladmagen, er utstilt saman med den tørka bladmagen preparert av Jon Andreas Utsi og Karen Ellen Marie Siri Utsi.

Les meir

Les meir om CAS-prosjektet (Senter for Grunnforskning, Vitenskapsakademiet) Arctic Domestication.

Biletekreditering

Reinsdyrbileta er tekne av Olav Strand, NINA.

Omsetjingar

Dei samiske tekstane er omsett med hjelp av Anja Somby, Liv Østmo og Karen Elle Gaup.

Takk til

Takk til Åsmund Steinsholm, Mathilde Engen Stabekk, Liv Østmo, Anja Somby, Jon Andreas Utsi, Karen Ellen Marie Siri Utsi, Inga Anne Maret Juuso,  Ellen Triumf, Margrethe Iren Pettersen, Karen Elle Gaup, Nina Hermansen, Yourway, Hans Arne Nakrem, Nancy Wachowich, Maria Kartveit, Olav Strand og Alexander Svingen.

Støtte

Utstillinga er laga med støtte frå KHM, CAS, og Johannes Falkenbergs stiftelse og Mobilizing Inuit Cultural Heritage (SSHRC finansiert York University, Canada) som finansierar Mittimataluit Arnait Miqsuqtuit Collective, som består av Nancy Wachowich, Gro Ween, Sheila Katsak, Skylar Katsak, Leah Kippomee, Amy Kippomee og Melisa Costinea.

 

Publisert 7. apr. 2016 13:18 - Sist endra 18. mai 2020 08:28