English version of this page

Orhan Pamuk: The Art of Fiction

Orhan Pamuk: The Art of Fiction tilbyr ei unik reise gjennom Orhan Pamuks forfattarskap, med spesielt fokus på romanen Uskyldighetens museum. Dette er den fyrste utstillinga om Nobelprisforfattaren Orhan Pamuk som belyser hans rolle både som forfattar og som kunstnar.

Bildet kan inneholde: displayetui.

Orhan Pamuk i Uskyldighetens museum i Istanbul. Foto: © Innocence Foundation and Refik Anadol

Orhan Pamuks kritikarroste roman Uskyldighetens museum er både ei klassisk kjærleiks-historie og ein hyllest til Istanbul. På det mest grunnleggjande plan er Uskyldighetens museum historia om Kemal som forelskar seg så djupt i Füsun at han blir besett av å samle på gjenstandar som minner han om tida som dei hadde saman før skjebnen skilde dei − ikkje berre ein gong men to gonger. Desse gjenstandane spinnast inn i ei nostalgisk og sentimental historie som også måler eit levande bilete av Istanbul frå syttitalet til byrjinga av 2000-talet. 

Bok om eit museum eller museum om ei bok?

Uskyldighetens museum er verken ei bok om eit museum eller eit museum om ei bok. Nei, det dreier det seg om to sider av same historie: den eine fortalt gjennom ord, den andre formidla gjennom objekt. Slik flettast ei episk kjærleikshistorie saman med eit heilt eineståande kunstverk som avslører det fulle potensialet av forholdet mellom ord og bilete, litteratur og kunst.

Utdrag frå "Uskyldighetens museum"

Når jeg kom til en ny by, tok jeg først inn på et gammelt, men komfortabelt sentrumshotell hvor jeg hadde bestilt rom på forhånd fra Istanbul, og så dro jeg rundt, uten å forhaste meg, til alle de viktigste museene i byen, uten å gå glipp av noen av dem – som en arbeidsom skoleelev som gjør hjemmeleksene sin feilfritt – og avla også besøk på loppemarkedene, butikker som solgte gaveartikler og krimskrams, og dessuten enkelte antikvitetsforretninger, hvor jeg kjøpte saltkar, askebegre, flaskeåpnere, eller hva som helst, som jeg hadde sett maken til hos familien Keskin, og som jeg likte.

Frå Uskyldighetens museum, omsetjinga av Bernt Brendemoen, Gyldendal 2010.

29 vitrinar frå The Museum of Innocence i Istanbul

Utstillinga inneheld 29 vitrinar frå The Museum of Innocence i Istanbul. Kvar vitrine består av forsiktig komponerte gjenstandar som refererer direkte til spesifikke kapittel i romanen Uskyldighetens museum. Vitrinane blir komplementert av historiske filmklipp, familiebilete, ein lydkomponent, og ein interaktiv videopresentasjon av Orhan Pamuks notatbøker fylt med tekstar og akvarellar. Det blir også vist tolv av Orhan Pamuks originale «japanske notatbøker» fylt med ord og bilete, noko som understrekar hans betyding som visuell kunstnar. Han drøymde om å bli kunstnar inntil han fylte tjuetre, då ”ein skrue losna” og han bestemte seg for å bli forfattar i staden. Sjølv om Pamuk gjekk vidare for å bli ein prisvinnande forfattar er det opplagt at kunstnaren i han aldri døydde.

Audioguide

Gratis audioguide Art of Fiction tilgjengeleg i din appstore. Vel norsk eller engelsk versjon etter nedlasting (for Google Play, skriv "artoffiction" i eitt ord).

Audioguide er også tilgjengeleg online på www.1213.myt.li

Katalog

I samband med utstillinga er katalogen The Art of Fiction gjeven ut, med bidrag av Orhan Pamuk, oversetjar Bernt Brendemoen og katalogens redaktør, Selene Wendt. Katalogen er illustrert med foto frå utstillinga, akvarellar frå Pamuks notatbøker og fotografi frå hans familliealbum. Katalogen kan kjøpast i museumsbutikken og utvalde bokandlarar for kr. 250,-

Seminar

Den 11. september arrangerar museet eit seminar om Pamuks Museum of Innocence og hans visjon for museum, The Art of Fiction – In the Museum.

Ny roman: Kvinnen med rødt hår

I samband med Orhan Pamuks besøk i Oslo, lanserar Gyldendal norsk forlag Pamuks siste roman, Kvinnen med rødt hår, oversett av Ingeborg Fossestøl.

Om prosjektet

Utstillinga er eit samarbeid mellom Uskyldighetens museum i Istanbul, The Global Art Project, og Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Med støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet, Oslo Kommune, Bergesenstiftelsen og Film fra Sør. Andre samarbeidspartarar: Gyldendal norsk forlag og Litteraturhuset.

Kurator: Selene Wendt, The Global Art Procject

Designar: Calum Storrie. Grafisk design/logo: Andrea Fredriksen, IARK

Stab fra Museum of Innocence: Direktør Onur Karaoglu, kunstnerne Romina Meric og Kıymet Daştan

Konservator: Anne Håbu.

IT-ansvarleg: Arul Narendran.

Nettsider: Ingvild Andreassen, Elisabeth Vogt

Utstillingsteknikk: Gøril Rostad, Espen Nordvik, Lasse Johansen, Inge Bjørgen

Prosjektleiar og kontaktperson: Martin Hager-Saltnes

Publisert 19. mai 2017 11:10 - Sist endra 13. mai 2020 08:42