Bybusetnad

Korleis såg den eldste byen ut?

Bystruktur

I nærleiken av kongsgarden og hamna må det i det eldste Oslo ha vore ein organisert handels- og handverksbusetnad, med gater, eigedomsgrenser og bygningar orientert i same retning. At det ikkje er funne restar av bybusetnad frå rundt år 1000 skuldast truleg at det har vore få moderne arkeologiske utgravingar sør for Clemenskyrkja ned mot Alnaelva, der denne busetnaden må ha lege. Då den fyrste Clemenskyrkja med gravplassen blei etablert, blei den gjeve den same orienteringa som gatene som grensa inntil den i mellomalderen. Krava til orientering av kyrkja aust-vest var ikkje så strenge som dei blei seinare i mellomalderen.

Det er mogeleg at kyrkjegarden til den eldste Clemenskyrkja også hadde døde frå gardane i Oslodalen, den var stor nok til det. Truleg har det vore mellom 400 og 800 gravleggingar frå fyrste halvdel av 1000-talet. Men dei fleste må ha vore frå Kongsgarden og busetnaden rundt denne. Vi ville ikkje kalla denne eldste busetnaden ein by, kanskje ikkje folk i samtida heller, til å byrje med.

Østre strete er truleg Oslos eldste gate. Den slutta ved den eldste hamna ved Alnaelvas munning. Ut av byen fortsette vegen mot nordaust over Galgeberg mot Bryn og Groruddalen. Parallelt gjekk Vestre strete, også kalla Langstrete.

Bybusetnaden på 1000-talet

For å få eit inntrykk av korleis den eldste busetnad har sett ut, må vi sjå på dei eldste leivningane frå utgravingsfelta nord for Clemensallmenningen, datert til 2. fjerdedel og rundt midten av 1000-talet. Bygardane, som det berre er grave ut ein mindre del av, har strekt seg mellom Østre strete og parallellgata Vestre strete (Langstrete), ein avstand på ca. 60 m. Dei var frå 11 til 15 m breie, i snitt rundt 13 m. Grensene var markert av grøfter eller gjerder. Særleg var skigardar vanlege som markering av bygardsgrensene, både mot stretet og mellom bygardane.

Rundt 20 % av det utgravne området var eit område med hus, og desse låg ikkje ut mot gata, men noko lengre inne på tomta. Husa var til bustadformål eller næringsformål. Til den siste kategorien høyrer fjøs- og stallbygningar og bygningar som kunne tene som varelager og til handverksproduksjon. Fleire små bygningar med jordgravne stolpar og grop i midten fylt med gjødsel kan ha vore fjøs for småfe og også vore brukt som latriner. På området var det også innhegningar der det har vore halde dyr, og tjukke lag med gjødsel er det funne fleire steder. Bustadhusa er lette å identifisere ut i frå eldstadene. I den eldste fasen er det funne bustadhus med jordgolv og åre i midten. Bygningane har vore lafta eller konstruert med jordgravne stolpar og reisverk. Fleire renner vitnar om tiltak for drenering av grunnen rundt bygningar, men slike renner eller grøfter kunne også ha funksjon som markering av eigedomsgrenser.

Det kunne vera fleire eigarar eller brukarar innanfor same bygard. Plankar og bord blei lagt ned for at bebuarane skulle kunne gå tørrskodd, men det var i den eldste tida ikkje større bruleggingar slik som seinare. Bygardane hadde gjerne ein brønn for å sikre vassforsyninga.

Å bu i byen

Byen var eit administrasjonssentrum, eit militært sentrum og eit religiøst sentrum. På mange måtar var det eit forbrukssamfunn der ressursane kom frå landsbygda. Inntektene til konge, kyrkje og stormenn kunne finansiere byggjeverksemd, handel og handverk.

Dei som budde i byen kom frå landsbygda, og det blei også drive jordbruk i byen, særleg husdyrhald. Det vitnar blant anna tjoringsledd til bruk når dyra stod på båsen. Det blei også fiska og jakta litt.

Handelsverksemd og kaupmannskap var likevel den viktigaste næringsverksemda i byen. Balansevekter vitnar om handel i den eldste tida, då mynt var mindre vanleg som betalingsmiddel, medan naturalia og sølv etter vekt dominerte. Viktige handelsvarer kunne vera klebergryter, jern, reinsdyrgevir, huder og pelsverk. Desse kunne fraktast med båt til eksport eller til andre landsdelar. Men varer som ble konsumert eller brukt lokalt, blei det også handla med, og desse var nok vel så viktige. Det gjaldt jordbruksprodukt, fisk, kjøt og levande dyr, trevirke og tømmer. Utanfrå til byen kom finare tekstilar, voks, metallvarer som våpen og utstyr, og luksusvarer som vin, kveitemjøl og smykke. Frå andre norske område kom bryne og tørrfisk, kvalrossreip og tran sjøvegen. Det blei også handla med handverksprodukt, som sko, kammar, tekstilar og smedprodukt.

Handverksproduksjonen var mest til bruk for byens eigne innbyggjarar, men også til sal. Dei handverka som kjem best fram i funna frå dei arkeologiske utgravinga er skomakeri, kammakeri, trehandverk og smedhandverk. Det er uklart om det på byrjinga av 1000-talet har vore heiltids profesjonelle handverkarar. Slike handverkarar kan ha vore omreisande og hatt med seg sine verktøy, medan råmaterialet blei skaffa av kundane.

Publisert 24. mars 2020 09:59 - Sist endra 7. mai 2020 12:22