Clemenskyrkja

Nykelen til Oslo sin alder ligg under kyrkjegolvet.

Steinkyrkja

Bildet kan inneholde: font.Den steinruinen som ein i dag kan sjå blei utgraven av arkitekt Gerhard Fischer i 1921. Årsaka til utgravinga var at det skulle byggjast garasjeanlegg for Jernbanen, bygget Saxegaardsgata 11. På grunn av garasjebygget måtte koret på kyrkja, litt av skipets mur mot aust, og mesteparten av kyrkjegardsmurane mot Clemens-allmenningen og mot Østre strete fjernast. Mesteparten av sjølve kyrkjeruinen kunne bevarast på staden, men den blei sørgjeleg inneklemt, ikkje berre på grunn av sjølve bygget, men også på grunn av kjørebrua som gjekk mellom fløyene i vest. I våre dagar ville ikkje ein bygning fått løyve til å bli reist så nær inntil ein ruin. Denne steinkyrkja kan daterast til rundt 1100, til Sigurd Jorsalfares tid eller kanskje tidlegare.

Clemenskyrkja sin grunnplan er uvanleg, ved at skipet, den delen som vanlege kyrkjegjengarar hadde tilgang til, var toskipa. Det er bevart delar av tre store pilarar som stod i midten av kyrkja. Truleg har dei bere eit flatt tak av tre. Kyrkja har neppe hatt kvelv i skipet. Det har vore gjetta på at loftet på kyrkja kunne ha funksjon som lagerplass for varer. Det er ikkje ukjent i Nord-Europa og kan ikkje utelukkast. Kva slags bruk denne kyrkja hadde, vet vi ikkje. Den er fyrst nemnt i skriftlege kjelder på 1200-talet, og då var den soknekyrkje for den søre bydelen av Oslo, slik som Korskyrkja var for den nordre. Samtidig med Clemenskyrkja, rundt år 1100, blei det bygd ytterlegare to steinkyrkjer i Oslo som har sett omtrent likeins ut. Den eine er Edmundskyrkja på Hovedøya. Den blei tatt over av Cisterciensermunkane i 1147, men er altså eldre. Den andre er Mariakyrkja på Sørenga. Denne manglar rett nok midtpilarar, men er svært lik i form, detaljar og byggeteknikk.

Ruinen av Clemenskyrkja ligg orientert ca. aust-vest, slik som kyrkjer i middelalderen skulle gjera. Og gravene på den tilhøyrande kyrkjegarden hadde same orientering. Dei døde skulle etter vanleg kristen oppfatning ha hovudet i vest, slik at dei kunne sjå mot aust, mot soloppgangen på den ytste dag, dommens dag, då Kristus skulle kome tilbake. Langt dei fleste av gravene på Clemenskyrkjas kyrkjegard blei fjerna, heile 952. Svært mange hamna som skjelett i hyllene til Anatomisk institutt og har vore gjenstand for lærd forsking innan medisin og anatomi. Nokre knoklar og hovudskallar hamna rundt i Gamlebyen, då ein den gong ikkje var så nøye med å samle inn alt materialet.

Det som i vår samanheng er spesielt å merke seg er ei lita gruppe graver inntil kyrkjegardsmuren mot Østre strete. Dei låg orientert på ein annan måte enn dei andre gravene.

Då arkeologen Ole Egil Eide i 1970-71 gjennomførte arkeologiske utgravingar der dei nye brufundamenta for den planlagde trafikkmaskina skulle stå, grov han mykje lengre ned enn Fischer gjorde i 1921-22, og han fann graver under fundamenta til steinkyrkja. Desse måtte vera eldre enn steinkyrkja og høyre til ei kyrkje på staden som kunne daterast til 1000-talet.

Gøymde ruinar

Clemenskyrkjas ruinar blei endå meir tildekt då vegmyndigheitene i 1961-62 bygde Loenga bru. Nå var det berre så vidt ein kunne sjå den inneklemte ruinen. Heldigvis var det gjort arkeologiske undersøkingar der brupillarane skulle stå, men sjølv om det blei funne skjelett vest for Clemenskyrkja, gav ikkje funna nokon viktig ny informasjon. Men i 1970 var planane klare for om mogeleg endå meir tildekking. Vegmyndigheitene hadde rive ned store delar av leigegardane i Gamlebyen sør for Ladegården, blant anna ut mot Bispegata i nord, der gata går i dag, og mot Kanslergata i vest. Årsaka var planane om å byggje meir motorveg gjennom Gamlebyen. Dei store arkeologiske utgravingane på ”Mindets tomt” og på ”Søndre og Nordre felt” i 1970-77 skuldast desse planane som heldigvis ikkje blei realisert. Også over Clemenskyrkja skulle vegen gå, og Saxegaardsgata 11 skulle rivast.

Den mellomste kyrkjegarden

Clemenskyrkja til Harald Hardråde.

Dei øvste gravene som Eide fann under steinkyrkja var orientert aust-vest, akkurat som gravene som høyrde til steinkyrkja. Men dei låg altså djupare ned og inn under fundamenta. Dei var stort sett grave ned i sand, og det ein trudde at dette var naturbakken på staden. Stor var overraskinga då det viste seg å vera graver også under sandlaget, utan at dette var grave gjennom. Sandlaget var altså påført, og dette måtte ha vore gjort av menneske. Det 40-50 cm tjukke sandlaget er truleg eit utjamningslag for ei kyrkje og ein kyrkjegard som er eldre enn den som blei etablert rundt 1100. Sandlaget er av same type som er funne under Mariakyrkja og Kongsgarden lengre sørvest, på Øra. Der er det gode grunnar til å sjå sandlaget i samanheng med Harald Hardrådes byggjearbeide rundt midten av 1000-talet.

Den eldste kyrkjegarden og Clemenskyrkja

Bildet kan inneholde: bein, hodeskalle, skjelett, hode, kjeve.Etter kvart blei det under sandlaget i Clemenskyrkja funne mange graver, heile 62 stk. på eit område på til saman under 100 m2. Alt tydde på at gravene var eldre enn Harald Hardrådes tid, men kor mykje eldre? Spesielt for gravene var orienteringa. Skjeletta låg nærmast nordvest-søraust med hovudet i nordvest. Lite tydde på at gravene var heidenske. Dei hadde eit klart kristent preg. Til kristen gravskikk høyrer vanlegvis ikkje gravgåver, og det blei ikkje funne nokon gjenstandar i dei, unntatt nokre hasselkjeppar. Slike kjeppar er kjent frå tidlege kristne gravplassar og har blitt tolka som eit oppstodesymbol og eit symbol på livstreet. Langt dei fleste av skjeletta låg i trekister sett saman av kistebord. Men nokre av kistene var uthola trestammer, ein kistetype som finst i dei aller eldste kristne gravplassane i Sør-Skandinavia, blant anna i Lund. Alt tyder på at det var ein kristen gravplass, sjølv om det på det vesle området ikkje blei funne nokon kyrkje som gravplassen kan ha høyrd til.

Bildet kan inneholde: kart.

Men spørsmålet om datering stod framleis opent. Sidan det ikkje var nokon gjenstandar som kunne daterast, måtte andre metodar brukast. Det er mogeleg å få ein omtrentleg datering av organisk materiale ved måling av innhaldet av radioaktivt kolstoff, den såkalla 14C-metoden. 14C-laboratoriet ved Universitetet i Trondheim kom fram til følgjande datering basert på fleire funn: Dei eldste gravene er sannsynlegvis frå mellom 980 og 1030 e.Kr. Det er ikkje mogeleg å kome nærare i nøyaktigheitsgrad.

Også ein annen dateringsmetode er brukt. På det meste blei det under steinkyrkja funne sju graver over kvarandre. Kvar yngre grav hadde øydelagt delar av den eldre på eit tidspunkt der bare skjelettet var att. Ut i frå opplysingar frå kyrkjegardsgravaren på Gamlebyen kyrkjegard synast det klart at dette minst har tatt 15 år for kvar gravlegging. Dette utgjer til saman eit tidsspenn på minst 90 år tidlegare enn steinkyrkja. Ut i frå desse to metodane og ut i frå samanlikninga med funn frå Sør-Skandinavia er vi altså kome fram til ei datering for dei eldste gravene til byrjinga av 1000-talet eller slutten av 900-talet. År 1000 er eit rundt tal som kan forsvarast ut i frå dette.

Det er fleire eksempel i Noreg på kristne gravplassar i den fyrste misjonstida utan tilhøyrande kyrkje. Men mest sannsynleg er det at det har vore reist ei trekyrkje på staden rundt år 1000, og at grave blei lagt rundt denne. Dette er då i tilfelle den fyrste kyrkja av i alt tre på staden. Truleg har det vore ei lita og enkel kyrkje med jordgravne stolpar og ståande veggtiljer. Vi veit ikkje nøyaktig kvar denne kyrkja har lege, men vi veit korleis den har vore orientert, nemleg slik som gravene. Dei eldste gravene som Eide fann under steinkyrkja var orientert heilt på same måte som gravene som Fischer fann inntil kyrkjegardsmuren mot Østre strete, nemleg vinkelrett på denne. Dette er den same orienteringa som Clemensallmenningen, parallelt med kyrkjegardsmuren mot nordaust. Det er all grunn til å tru at gateløpa har bestemt avgrensinga av kyrkjegarden, og at kyrkja har blitt orientert på same måte. Det er ei rekkje eksempel på at ein ikkje var så nøye med å følgje geografisk aust-vest i den fyrste delen av mellomalderen. Det var gjerne andre, meir praktiske omsyn som fekk bestemme, med mindre avviket blei for stort. Clemensallmenningen hadde som nemnt same orientering som den alminnelege busetnaden lenger nord. Sjølv om denne busetnaden truleg er litt yngre enn den eldste kyrkja, spelar dette mindre rolle, då det synast klart at kyrkja er tilpassa bystrukturen. Sannsynlegvis blei kyrkja plassert i eit område som ennå ikkje var tettbygd. Den eldste busetnaden treng ikkje å ha vore særleg stor, men må ha hatt ein viss tettleik og struktur.

Publisert 24. mars 2020 09:55 - Sist endra 7. mai 2020 12:22