Oslo – ein by i Europa

Dei eldste byane i Skandinavia er datert til 900-talet. Rett nok er det eldre byliknande sentra kjend frå 800-talet og heilt tilbake til 700-talet, slik som Hedeby/Slesvig og Ribe i Danmark, Birka ved Mälaren i Sverige og Kaupang i Tjølling i Vestfold.

Men desse er vanlegvis ikkje rekna som ordentlege byar. Dei ulike funksjonane som i mellomalderen var samla i ein by, var i vikingtida oftast spreidd. For eksempel var Kaupang ei tettgrend med handel og handverk knytt til hamna. Det var også ein gravplass der. Men høvdinggarden var ikkje på den same staden, og heller ikkje det religiøse senteret eller tingstaden. Desse funksjonane var spreitt innanfor eit større område i Tjølling.

I Norge reknast Trondheim (Nidaros) og Oslo som dei eldste, medan Tønsberg, som av Snorre er rekna som Noregs fyrste by, er litt seinare. I Danmark var Ribe, Århus, Slesvig/Hedeby, og Lund i Skåne dei eldste, medan det i Sverige var Sigtuna. I andre område som i dagens Nord-Tyskland, Nederland, Belgia og Storbritannia var det ei rekkje byar, og også i Polen, Baltikum og Russland. Byar gav status til kongemakta, i tillegg til økonomisk gevinst og mogelegheiter til prestisjegods og varer frå andre land.

Kva er ein by?

Ein by skal vera ei tettgrend, det vil seie at det er ein befolkningskonsentrasjon og busetnaden skal være permanent, det vil seie heilårig. Men dette er ikkje nok. I ein by er dei sentrale samfunnsfunksjonane samla, slik som administrasjon og konge- eller høvdingresidens, militært støttepunkt, lovfunksjonar og religiøse sentralfunksjonar, i tillegg til økonomiske funksjonar i form av handel og handverk. Ein by i mellomalderen skal også vera skild ut som eit eige rettsområde med eigne rettigheiter.

Oppkomsten av byar i Skandinavia hadde med maktkonsentrasjonar å gjera, fyrst og fremst med framveksten av kongedøma. Det norske kongedømet voks fram på 900-talet. Dessutan hadde nok kristendommens innføring ein del å seie, fordi denne religionen var hierarkisk i sin struktur. Kongen knytte folk til seg med gåver og lovnadar om inntekter. Det var kongen som utnemnte biskopar i den eldste kyrkja, og biskopane følgde kongen saman med hirda. Ein by kunne brukast medvite av kongen for å auke makta og rikdommen sin.

Det tradisjonelle kongedømmet var basert på at ressursar blei tilført kongen og hæren hans, fyrst og fremst landbruksprodukt. Til gjengjeld fekk bøndene militært vern og enkelte andre ytingar. Fordi kommunikasjonane var dårlege, iallfall til lands, var det nødvendig for kongen og hans følgje å ambulere. Dei drog på veitsle. Ressursar i form av jordbruksprodukt og anna blei samla på storgardar der kongens årmann styrte. Når kongen kom til garden gjekk det som regel hardt ut over forsyningane. Ambuleringa var også nødvendig for å halde den militære kontrollen.

Vilkåret for etablering av ein by var at nok ressursar i form av jordbruksvarer kunne tilførast slik at dei kunne underhalde ein folkesetnad som ikkje sjølv produserte mat. I mellomalder-byane heldt også kongen og hans hird til heile eller delar av vinteren, såkalla joleveitsle. Vanlegvis var det i den viktigaste byen. Nokre av varene som blei brakt til byen kunne brukast til handel, og her var ein mogelegheit for kongen og hans menn til å få inntekter ved toll og avgifter og også til å skaffe seg varer sjølv, for eksempel kostbarheiter frå utlandet. Kongen hadde forkjøpsrett til importvarer. Det kongen gav tilbake til folka som budde i byane var militært forsvar og organisering av lov og orden.

Oslo-området i vikingtida

Dei sentrale kommunikasjonsårene i vikingtida gjekk frå begge sider av ytre Oslofjord og innover i landet. I aust var det Glommavassdraget. Her låg Borg og Tune. I vest var det Lågendalen med Kaupang og Skien, og også Drammensfjorden. Sentralt mellom desse låg Borre. Mange fossar og stryk gjorde at vanleg handelsskipsfart var problematisk. Indre Oslofjord låg meir avskjerma. Det er få teikn på kontakt med utlandet før godt opp på 900-talet. Då blir det fleire funn av frankiske sverd, og også generelt meir teikn på rikdom. På Teisen blei det i 1844 funne ein stor sølvskatt med armringar, betalingssølv og myntar. Den yngste mynten er frå 919 e.Kr. og derfor veit vi at skatten blei grave ned etter dette, kanskje rundt 950. Fleire stader er det funne graver med rikt gravgods, spesielt våpengraver, blant anna på Berg, på Lofthus og i Geitmyrsveien. Rikdommen på jern ser ein også i funnet av jernbarrar ved Ullern idrettsplass. Barrane er datert til sein vikingtid eller tidlig mellomalder. Jern blei ikkje utvunne i myrer i Oslodalen, men kom i transitt frå indre Austlandsområdet og gav rikdom til dei høvdingane og handelsfolka som kunne kontrollere handelen med slike produkt. Dette gjeld sikkert også kleberstein, der nokre av dei største brota var på Romerike, i Piggåsen mellom Fet og Blaker.

Basis for busetnaden i Oslodalen var jordbruket, og jordbruksbusetnad er kjent tilbake til steinalderen. I vikingtida var det ca. 80 gardar i Oslodalen. Dei fleste av desse gardane var på denne tida gamle og store, og jordbruksproduksjonen har truleg vore stor. Tilsvarande rike bygder var det i Bærum og Asker. Går vi vidare mot aust frå Groruddalen kjem vi til Romerike. I mellomalderen var Oslo Romerikes hamneby, har historikaren Edvard Bull hevda. Romerike hadde ei rik jordbruksbygd i jernalderen. Oslodalen med Bærum og Asker, Romerike, Nittedal og Follobygdene i sør var eit stort nok område til å gje rikeleg forsyningar av landbruks-produkt til ein by, og også andre produkt. Det var rikeleg tilgang på naturressursar slik som fisk, vilt, trevirke og bygningsstein.

Vi kjenner namna på langt dei flest gardane i Oslodalen i vikingtida. Påfallande mange av dei har gamle namn. Den sentrale garden var Aker, ved noverande Gamle Aker kyrkje. Garden blei på 1100-talet prestegard til kyrkja og har lege like vest for denne. Til garden høyrde området heilt ned til sjøen ved Akersneset. Heile 40 gardar med namneendinga -vin (eng) ligg i Oslodalen rundt Aker. Slike gardsnamn blir gjerne datert til eldre jernalder, hundreåra etter Kristi fødsel. Vi kjenner dei i dagens bydelsnamn, som Skøyen, Ullern, Vindern, Blindern, Tåsen, Disen, Hovin, Økern, Teisen, Tøyen (Taugvin) og Volin (sml.Vålerenga). Eit anna sentralt område var truleg Hoff (Hov) - Huseby. Husebynamnet har vanlegvis samanheng med lokale styringssentra i yngre jernalder og kan skrive seg frå tidleg vikingtid.

Lokale vilkår for Oslos oppkomst

Kva var bakgrunnen for å etablere ein kongsgard på Øra ved Alnaelva? Det er svært sannsynleg at Aker gard på eit visst tidspunkt i vikingtida blei kongsgard og sete for kongens lokale representant i denne delen av Vingulmork. Vi veit at Aker gard og alle sokneprestens inntekter frå Aker sokn blei gjeve av biskop Helge til Nonneseter kloster i 1186, truleg då klosteret blei etablert. Biskopen fekk ganske sikkert dette godset av kongen, truleg på byrjinga av 1100-talet. Akerselva (Frysja) var farbar med båt opp til Nedre Foss, i høgde med Aker gard. Denne hamna blei etter kvart truleg for liten, både på grunn av den generelle landhevinga som resulterte i lågare vasstand, og fordi behovet for plass i kongens eigen hamn blei større. Sannsynlegvis blei det aktuelt å grunnleggje ein by etter modell frå andre stader i Skandinavia. Då kongen eller hans årmann vedtok å etablere ein slik by, var alternativa i Oslodalen ikkje så mange. Av farbare elver var det berre Akerselva og nedste del av Alnaelva. Elvemunningar var utmerkte landingsplassar ut i frå dåtidas teknologi. Ved munningen av Akerselva var det svært låglendt og leirete. Nordbreidda av Alnaelva var eit betre alternativ. Her var det sandavleiringar som gav betre grunn. Topografisk er det verd å merke seg kva tyding havnivået kan ha spela. På 8- og 900-talet var havnivået ca. 5 m høgare enn i dag. Frå slutten av 900-talet sank det drastisk ned til ca. 3,5 m på slutten av 1000-talet. Forskjellen skuldast fyrst og fremst etterverknader etter istida, då jordskorpa blei pressa ned og havet stod ca. 220 m høgare enn i dag. Landet har heva seg, mest til å byrje med. Framleis i dag er det ei landheving på ca. 4 mm per år. Men det har samtidig også vore endringar i havnivået.

I området der Kongsgarden ligg i dag, ligg naturbakken på mellom 7,5 m lengst nordaust til 6,5 m i sørvest. I området for Mariakyrkja ligg naturbakken på mellom 5 og 4 m. Ut i frå dette var det ikkje mogeleg rundt år 1000 å etablere noko busetnad der Mariakyrkja ligg no, men vel der Kongsgården ligg.

Området mellom Bjørvika og Alnaelva er som ein trekant med slak helling ned mot Bjørvika i vest og brattare ned mot Alnaelva. På det høgaste punktet ligg naturbakken på rundt 16 moh. i dag. Hellinga ned mot Øra er også ganske jamn. Markoverflata er vanlegvis sand i 0,5 til 0,8 m djup, og under der leire. Det er langt ned til fjell. Det er ved utgravingar funne røter av oretre sør for Bispegata. Like vest for det høgaste punktet, nord for Bispegata (mellom-alderens Bispeallmenning) er det ved arkeologiske utgravingar i 1980-åra funne delar av ein åker frå 900-talet og busetjingsrestar som kan vera frå ei gardsbusetnad. Det er umogeleg å seie kor stort åkerarealet kan ha vore, men det har ikkje vore plass til nokon storgard her. Sannsynlegvis har gatenamnet Geilene samanheng med ein slik gard. Geil er det same som fegate, ein inngjerda passasje der dyra kunne gå ut frå garden og til beite utanfor innmarka. Gatene som var vegfara mellom byen og Galgeberg kan også tolkast på same måte, og til og med Geitabru kan vera samansett med det same ordet, gate som betyr port-opning. Denne garden kan ha hatt namnet Oslo. Oslo er vanlegvis tolka som ei samansetjing av os- (=ås) (Ekebergåsen) eller os- (=æser) (dei gamle gudane) og -lo (=engslette). Eit alternativ er o (=å) (elv) og slo (=lågt, blautt område).

Den naturlege staden for ein båtplass til garden Oslo har vore den nordre breidda av Alnaelva, nær munningen. Her var det avleira elvesand som gav ein meir stabil grunn enn silten og leira mot Bjørvika i vest. Stadnamnet Øra tyder sand (gmlno. Aur). Her ved strandbreidda kan det ha stått nokre naust. Vegen mellom garden og båtplassen har naturleg gått langs høgdedraget på halvøya.

Denne strukturen er det truleg kongemakta har brukt ved etableringa av byen, og dei har brukt det gamle stad- og gardsnamnet. Hamna blei etablert på Øra der det var god plass, og der elvemunningen var så brei at det ikkje var noko problem med manøvrering. Samtidig låg båtane i le, og dei kunne lett trekkjast opp på land, den vanlegaste måten å fortøye båtar på i vikingtida. Neset ut mellom elva og Bjørvika eigna seg for å etablere ein forskansa kongsgard. Ut i frå høgdeforholda kunne denne ha lege der 1200-talets kongsgard blei bygd. Ein annan mogelegheit var området like sør for Clemenskyrkja. Uansett gav ikkje naturen noko fullgodt vern mot angriparar som kom over land. Vegen frå garden gav naturleg utgangspunktet for hovudgata gjennom byen og strukturering av byen med tomter. I mellomalderbyen heitte den Eyrastrete (Ørestrete) eller Austre strete. Clemenskyrkja låg sannsynlegvis i utkanten av byen mot nordaust.

Publisert 24. mars 2020 09:58 - Sist endra 7. mai 2020 12:22