Handverksproduksjonen

 

Kammakaren brukte helst gevir frå reinsdyr. Dette måtte fraktast frå Hardangervidda eller Rondane-Dovre.

Bildet kan inneholde: hvit, fottøy, sko, tegning.
Reimsko frå 1000-talet. Snøringa er rundt foten og sålen går opp bak i ein spiss.

Skomakaren brukte huder av ku/okse eller kalv. Finast og mjukast var geiteskinn. Alle desse dyra var det god tilgang til i byen. Læret blei garva og sydd over ein lest. Det blei laga sko og støvlar. Sålen var ikkje tjukk og mangla hel, omtrent slik som mokasinar.

Til trehandverk var det mange treslag å velje mellom, og materialkunnskapen var stor. Til bygningstømmer blei det helst brukt furu, i mindre grad gran. Til dei ulike tregjenstandane var det tydelegvis viktig å velje det beste treslaget, og det meste kunne finnast rundt byen. Vidjeringane, som mest var av gran, kunne brukast til skigardane. Mindre tregjenstandar kunne spikkast og dreiast. Trekar blei laga i sveipteknikk (esker), dreia (svarvet) eller lagga. Dessutan blei det brukt spon og rot-teger. Til reipslaging blei det brukt bast.

Metall til smedprodukt måtte fraktast utanfrå, jern frå innlandet og finmetall utanfrå eller ved nedsmelting av gamle smykke og myntar. Sølvgruvene ved Aker gard var ikkje oppdaga så tidleg som på 1000-talet. Jerngjenstandar er vanlegast å finne ved dei arkeologiske utgravingane, slik som hestesko, isbroddar, knivblad, pilspissar, fiskekrokar og eldstål til å gjera opp eld med.

Ei rekkje handverk har ikkje sett fysiske spor etter seg, sjølv om vi veit at dei har blitt utøvd i det eldste Oslo.

Bildet kan inneholde: linjekunst.
Snellehjul til handtein. (Ovanfrå og i tverrsnitt)

Tekstilhandverk blei utøvd av kvinner, og handteiner og vevlodd er funne i den aller tidlegaste busetjingsperioden. Det blei brukt ull eller lin, kanskje også nesle. Tøyet blei utnytta nesten til siste trevl. Det er sjeldan at det blir funne større stykke av tekstil.

Bildet kan inneholde: linje.
Spelebrikke. (Sett ovanfrå og frå sida)

Dei som budde i byen hadde også fritid, og spelebrikker er funne i 1000-talslag. Isleggar var både eit framkomstmiddel på is og til bruk i sportslege aktivitetar. Isleggane, som blei laga av mellomfotsbein av hest eller ku, blei festa med reimer på foten.

Bildet kan inneholde: bord.
Bein med runeinnskrifta «KYS MIK»

Få kunne lese og skrive. To runeinnskrifter har kvar si historie.

Den eine er ei vokstavle i tre med innskrifta BENEDICTUS Á (=eig meg). Eigaren kan kanskje ha vore ein prest?

Den andre er rissa inn på eit bein, kanskje litt ut på kvelden: KYS MIK (kyss meg) står det.

 

Publisert 24. mars 2020 10:12 - Sist endra 7. mai 2020 12:22