Oslo 1000 år

Oslo feira sitt 900-års jubileum i 1950. Kva er det som gjer at ein berre femti år etter, i år 2000, feirar byens 1000-års jubileum?

Bildet kan inneholde: illustrasjon, grafisk design, kunst, moderne kunst.

Det er sagaene som fortel at Harald Hardråde "let setje kaupstad", som grunnla byen Oslo, og den hendinga er tidsfest til omkring 1050. Det er fyrst og fremst dei arkeologiske undersøkingane i Gamlebyen i det gamle Oslo sidan føregåande by-jubileum som har skaffa oss avgjerande ny kunnskap om byens historie. Utgravingar og nye dateringsmetodar, ved sidan av landskapsanalyser og nye studiar av dei skriftlige kjeldene, har gjort at byens historie har måtta trekkast bakover i tid, til omkring år 1000, eller siste delen av vikingtida.

Det er Riksantikvaren og seinare Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) som dei siste 30 år har stått ansvarleg for dei arkeologiske utgravingane i Gamlebyen. Oldsaksamlinga ved Universitetets kulturhistoriske museer (UKM) har ansvaret for dei mange funna som har kome for dagen ved utgravingane og formidlinga av kunnskap ein kan trekkje fram av dei. Universitetets kulturhistoriske museer og NIKU samarbeider om denne utstillinga som skal presentere "bevisa" for at Oslo verkeleg er 1000 år i år. Det er ikkje tida som har gått fortare etter siste by-jubileum, det er forskinga!

Egil Mikkelsen, museumsdirektør

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 24. mars 2020 08:54 - Sist endra 4. mai 2020 08:10