Kjelder til kunnskap om Oslo for 1000 år sidan

Korleis kan vi vite noko om ting som har skjedd for 1000 år sidan?

Historikarar, arkeologar, språkforskarar, botanikarar, osteologar (skjelettforskarar), geologar og kjemikarar kan alle gje verdifull kunnskap gjennom si forsking på kjeldematerialet. Kjeldematerialet er skriftlege kjelder og leivningar som har kome fram ved arkeologiske utgravingar.

Skriftlege kjelder

Den eldste samtidige skriftlege kjelda til Oslos historie er frå ca. 1135. Då blir Oslo rekna opp saman med fleire andre norske byer i Historia ecclesiastica av den anglonormanniske historieskrivaren Ordericus Vitalis. Dei norske kongesagaene blei nedskrivne i fyrste halvdel av 1200-talet, men handlar om hendingar langt tilbake i tid.

Mest kjend av sagaforfattarane er Snorre Sturlasson som levde på Island frå 1179 til 1241. Han skreiv kongesagaene, kalla Heimskringla i 1220-åra. Dels bygde han på munnleg tradisjon. Men han hadde også eldre skriftlege skildringar å støtte seg til, blant anna Fagerskinna og Morkinskinna. Namna har dei fått etter utsjånaden. Dei var som dei fleste mellomalderdokumenta skrivne på pergament, som er fint, tynt, spesialbehandla kalveskinn. Av andre sagaer som kan nemnast er Ágrip og Den legendariske sagaen om Olav den Heilage. Det var tette band mellom Island og Noreg, og i Håkon Håkonssons regjeringstid (1217-1261) blei Island også ein del av Noregsveldet.

Mange historikarar har påvist at Snorre legg spesielt stor vekt på den norske kongeætta, Hårfagreætta og deira rettmessige krav på Noreg. På mange måtar opptrer han som ein partisk historikar, og det verkar som om han ofte framhevar det som støttar opp om kongeætta og omvendt hoppar over eller vektlegg lite det som kan vera mindre heldig for denne. Den norske kongeætta stammar ifølgje Snorre frå den svenske ynglingeætta som igjen stammar frå Gudane, med Odin som stamfar. Halvdan Svarte, aktuell i samband med undersøkingane i Halvdanshaugen på Stein på Ringerike, er den fyrste som har sin eigen saga i Heimskringla og som blir rekna som ein sikker historisk person av dei mange kongane i Heimskringla.

Snorre omtalar i Heimskringla Harald Hardråde som grunnleggar av Oslo - "Kong Harald let setje kaupstad aust i Oslo". Dette må ha vore ca. 1050, og det er Snorres skildring som danna grunnlaget for feiringa av Oslos 900-årsjubileum i 1950. Nokre har meint at Snorre har vore påpasseleg med å fordele storverk mellom ynglingeættas kongar, og det å grunnleggje ein by er eit slikt storverk. Ifølgje Snorre grunnla Harald Hårfagre Tønsberg, Olav Tryggvasson Trondheim, Olav Haraldsson den Heilage Borg (Sarpsborg), Harald Hardråde Oslo og Olav Kyrre Bergen. Byoppkomst er ikkje så enkelt, viser det seg, og historikarar har lenge hatt mistanke om at byoppkomsten i Norge ikkje var akkurat slik som Snorres forteljingar skulle tyde på. Ein mistanke kan ein få når Oslo blir nemnt også i samband med ein eldre konge, nemlig Olav den Heilage. Han overnatta i Oslo i 1021 ifølgje Den legendariske saga, forfatta tidleg på 1200-talet, men ikkje av Snorre. Fleire sagaer nemner også namnet Oslofjorden i samband med Olavs opphald i Viken på denne tida.

Arkeologiske utgravingar

For å kome nærmare spørsmålet om det eldste Oslo og byens datering, må vi gjera bruk av arkeologiske kjelder, leivningar funne i jorda. Arkeologiske utgravingar i Oslos bygrunn har føregått heilt tilbake til 1860-årea, og mykje av det vi veit om byens topografi og monumental-bygningar, som kyrkjer, kloster og borgar, stammar frå utgravingar i førre hundreår og i vårt hundreår fram til 2. verdskrig. Problemet har vore dårlege mogelegheiter til datering av leivningane og at ein ikkje har brydd seg så mykje om gjenstandsfunn og rekkjefølga i jorda av lag og konstruksjonar. Derfor er det utgravingane etter siste verdskrig, og spesielt utgravingane frå 1970 og seinare, som gjev oss mest informasjon om byens eldste historie.

Bybusetnad på Mindets tomt og Søndre felt

Den eldste bymessige busetnaden som hittil er utgraven i Gamlebyen går tilbake til ca. 1025. Det er bygardar som har lege mellom Vestre strete og Østre strete. Skiljet mellom dei blei markert med gjerder. Det er funne fleire slike tomter skilt med skigardar vinkelrett på stretet. Bygningane hadde same orientering som gjerda og stretet. Den regelmessige og godt orienterte busetnaden viser at byetableringa har vore ein ordna prosess, og at busetnaden ikkje voks tilfeldig fram. Parallelt med tomtegrensene låg i sydvest Clemensallmenningen. Den hadde sitt namn etter Clemenskyrkja sørvest for denne gata og er nemnt ei rekkje gonger i skildringar og brev frå 12- og 1300-talet.

Sagatradisjon

Historiene om dei norske kongane, om gudar og heltar blei tatt vare på ved at dei blei fortalt og vidarefortalt frå den eine til den andre. Forteljarkunsten var levande og sterk i vikingtid og mellomalder, og i ei tid då dei færraste kunne lese og langt mindre skrive, blei det lagt vekt på korrekt vidarefortelling. Viktigast var dette for lovene, og det var eigne lovseiemenn som kunne lovene utanåt. Sagaene var det likevel ikkje like viktig å fortelje ordrett, og mykje har blitt lagt til og trekt frå gjennom tida.

Publisert 24. mars 2020 08:56 - Sist endra 8. mai 2020 08:55