Kongemakt og skandinavisk storpolitikk i sein vikingtid og tidleg mellomalder

Oslofjordsområdet må politisk sett ha hatt ei heilt spesiell stilling i sein vikingtid og tidleg mellomalder. Dette var ikkje ein del av Håkon Jarl eller Ladejarlanes styringsområde, men stod under direkte kontroll av danskekongen sjølv. Vestfold har hatt ein spesiell posisjon, og her har det vore dansk påverknad og truleg også tidvis overherredøme heilt tilbake til byrjinga av 800-talet.

Historikaren Claus Krag og andre har poengtert at Snorre ikkje er til å stole på når han reknar Vestfold som ynglingeættas kjerneland. Harald Hårfagres rikssamling føregjekk tvert imot truleg frå Vestlandet, frå Haralds svigerfar og hans forbundsfeller. Slaget ved Hafrsfjord var dermed mellom Harald frå Vest- og Nord-Noreg og høvdingar frå Sør- og Austlandet. Snorre kan ha understreka ynglingeættas samband med nettopp Vestfold fordi dette viktige området var så omstridt. Oslo i botnen av Oslofjorden ligg gunstig til for sjøvegs transport langt inn i landet. Men båtane som seglar inn hit er sårbare, både for vind i dei tronge sunda ved Drøbak og ikkje minst militært. Medan det kunne vera nok berre å styre over eit mindre område i ytre Oslofjord (Foldin, sml. Østfold, Vestfold, Follo), så måtte ein i indre Oslofjord rå over heile området frå Jeløya og heilt opp til Romerike. Elles ville sjøvertshandel vera utrygt. Det er rimeleg å tenkje seg at ein slik militær stabilitet fyrst blei skapt ein gong på 900-talet og at mogelegheitene for å etablere ein by med handelsfunksjonar og militære funksjonar inst i Oslofjorden fyrst då var til stades.

Det er all grunn til å tru at danskekongen var den reelle herskaren over Noreg i mesteparten av tida mellom ca. 960 og 1035, og at overherredømet over Oslofjordområdet har hatt endå lengre tradisjonar og vart lengre. Harald Hårfagre hadde mange søner, og landet blei aldri samla under ein av dei. Den eldste, Eirik Blodøks, blei gift med Gunhild, dotter til Gorm den gamle og syster til Harald Blåtann. Han blei utmanøvrert av Håkon den gode, som voks opp i England som ein del av alliansen mellom Harald Hårfagre og den engelske kongen i samarbeid med Sigurd Ladejarl, frå Lade ved Trondheim. Men Eiriks søner drog til danskekongen, deira onkel, for å be om støtte. Ved Håkon den godes fall i år 960 overtok dei fem Eirikssønene Noreg med full støtte frå danskekongen og truleg som hans vasallar. Harald Gråfell blei til slutt drepen i eit bakhald av onkelen sin, truleg fordi han blei for sjølvstendig etter å ha rydda sine brør og andre konkurrentar av vegen.

Håkon Jarl blei i 1074 Harald Blåtanns håndgangne mann i Noreg og styrte landet for han. Men Vikenområdet styrte Harald sjølv. Det danske overherredømet fortsette i Eirik og Svein Ladejarlars tid, og også i store delar av regjeringstida til Olav Tryggvason og Olav den Heilage, då under danskekongane Svein Tjugeskjegg og Knut den mektige.

Etter Olav den Heilages fall i 1030 på Stiklestad var Noreg framleis under dansk kontroll med Svein Alfivasøn, frilleson av Knut den Mektige. Då Olav Haraldssons frilleson Magnus etter Knut den mektiges død blei henta frå Gardarike (Kiev), blei han teken til konge i 1035, men danskekongen Hardeknut stod på sin arverett til Noreg. Men fordi Hardeknut kjempa med sin halvbror om eit endå viktigare land enn Noreg, nemleg England, var han viljug til å inngå eit kompromiss med Magnus. Det var nok for å ha ryggen fri i nord i forsøka på å erobre tilbake England. Kompromisset var at den som levde lengst skulle arve den andre sitt rike. Kong Hardeknut av Danmark døydde i 1042, og Magnus blei konge av Danmark også.

Frå det tidspunktet varte det heilt til dronning Margrete før Danmark igjen var i samkongedøme med Noreg. Men danskekongen hevda heile tida sine gamle rettigheiter til Oslofjordområdet, blant anna kong Valdemar den store på 1100-talet som ved å støtte til Erling Skakke og Magnus Erlingsson fekk aksept for eigedomsretten til heile Viken nord til Rygjarbit (nord blir brukt på same måte som i Nordvegen, namnet på Noreg). Erling Skakke blei dansk jarl og fekk overherredøme over Viken.

Då Magnus Olavsson døydde i 1047, fekk landa kvar sin konge, Danmark Sven Estridsson, fetter av Hardeknut, Norge Harald Hardråde, halvbror til Olav Haraldsson. Harald Hardrådes angrep på Hedeby i Danmark og også på England i 1066 må sjåast som eit uttrykk for at han betrakta desse landa som sin rettmessige arv etter Knut den mektige. Snorres formulering om grunnane til at Harald Hardråde "grunnla" Oslo passar også godt til dette. "Kong Harald let reise kaupstad aust i Oslo og sat der ofte, fordi det var godt om forråd der og lett å få hærmannskap i omlandet. Der sat han godt til for å forsvare landet mot danane og også til å gjera angrep mot Danmark …".

Mogelege minne om dansk styre i Viken

Den politiske og militære bakgrunnen er nemnt som viktige indisium på at Osloområdet var under dansk kontroll i store delar av tida rundt år 1000. Clemenskyrkje-namnet peikar også i retning av Danmark. Namnet Trælaberg kan også ha samanheng med dansk styre. Dei store ringborgane i Danmark frå rundt år 1000 blir kalla træleborgar (Trelleborg). Men det er heller tvilsamt om det har vore ein slik borg i Oslo. Ein meir sannsynleg samanheng med tidleg danskestyre har heradsinndelinga. Osloherad, Bergheimsherad (Bærum) og Skogheimsherad (Asker) var dei tre sentrale bygdene i Oslo sysle. Heradsinndeling er i utgangspunktet eit dansk fenomen og det finst allereie i sein vikingtid. Seinare spreidde det seg til Sør-Sverige. I Noreg er det berre i Oslofjordsområdet at denne inndelinga finst, og den er klart kystbunden. Det kan vera ein leivning etter dansk styre, for eksempel under Harald Blåtann. Vingulmork er den gamle namnet på Osloområdet og Østfold. Det gamle senteret i søre Vingulmork, Borgarsysle var i Sarpsborgområdet. Herifrå kjenner vi Tuneskipet frå vikingtida og her etablerte ifølgje Snorre Olav Haraldsson byen Borg, truleg som eit ledd i stridane mot svenskane. Her låg i mellomalderen fylkeskyrkja for søre Vingulmork, Tune kyrkje. Tilsvarande fylkeskyrkje i Oslosysle var Aker kyrkje.

Publisert 24. mars 2020 09:57 - Sist endra 8. mai 2020 08:55