English version of this page

Professor Gustafsons dagbøker

Utgravinga av Osebergfunnet føregjekk sommaren 1904 under leiing av professor Gabriel Gustafson.

Utgravning av Osebergskipet

Professor Gustafson og mannskap frå utgravinga av Osebergskipet i 1904.  Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/ Olaf Væring.

Gustafson la stor vekt på dokumentasjon av utgravinga og engasjerte både kunstnarar, fotografar og ingeniørar. Denne dokumentasjonen blir framleis rekna som ei viktig kjelde til informasjon.

Gustafsons dagbøker og skissebøker består av:

  • To dagbøker i A5 format, kvar på 131 sider.
    - 1. bok, datert 13. juli til 31. juli 1904.
    - 2. bok, datert 2. august til 22. september 1904.
  • Ei skissebok i folioformat.
  • Ei lita skissebok.

Dagbøkene frå utgravinga av Osebergfunnet blei i 2014 innført i registeret Noregs dokumentarv - den norske delen av UNESCOs Memory of the World.

I 2017 blir dagbøkene og resten av den rikhaldige dokumentasjonen frå utgravinga, med i konkurransen om ein plass i UNESCOs internasjonale register.

Kulturhistorisk museum er stolte av å kunne opplyse at Den norske UNESCO kommisjonen har vedteke å fremje vår nominasjon av dokumentasjonen frå Osebergutgravinga til den internasjonale UNESCOs Memory of the World. Den endelege avgjerda om opptak fell i juni/juli 2017.

Bildet kan inneholde: tegning, tekst, skisse, diagram, linje.
Ei side frå Gustafsons store skissebok. Kulturhistorisk museum, UiO.

 

Publisert 9. mars 2016 15:37 - Sist endra 8. mai 2020 08:55