English version of this page

Situasjonar – det arkeologiske rommet

Korleis tileignar vi oss kunnskap om fortida? I tre år har biletkunstnar Nina Torp følgd dei arkeologiske utgravingane langs nye E18 mellom Tvedestrand og Arendal.

Bildet kan inneholde: tre, geologi.

Foto: © Nina Torp / BONO

Utstillinga SITUASJONAR er eit samtidskunstprosjekt om korleis kulturarv blir til. I si tolking av det vitskapelege arbeidet brukar Torp fotoseriar, videoverk og skulpturelle arbeid.

Ho har følgd heile den arkeologiske prosessen frå gravemaskiner fjernar dei øvste jordlag og arkeologane finn fragment frå fortida, til desse ligg med strekkode på Kulturhistorisk Museums magasin som ein del av den norske kulturarven.

Steinalder og modernisme

I prosjektet har Torp følgd menneske i vår samtid på leiting etter spor frå det forhistoriske mennesket.

- Korleis arbeider arkeologane, kva metodar brukar dei og kvar kjem desse metodane frå? Dette er spørsmål som eg har stilt meg sjølv undervegs, seier Torp.

Arkeologanes vitskapelege tilnærming er knytt til modernismens tankesett frå slutten av 1800-talet: Alle steinalderutgravingar delast opp i eit rutenett med koordinatar for kvar rute. Metoden sikrar systematiske undersøkingar og kvantifiserbar dokumentasjon.

Det oppstår stramme geometriske former når jordmasser blir fjerna under ei arkeologisk utgraving. Som kunstnar ser eg forbindelsar til modernistisk kunst og arkitektur. Eg har laga mine eigne tolkingar av dette i forskjellige materiale.

For meir informasjon:

Om utgravingane

Kulturhistorisk museum har undersøkt 34 buplassar frå steinalderen i samband med bygging av ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal. Steinalderen i Aust-Agder har i svært liten grad blitt undersøkt, og det pågåande utgravingsprosjektet fyller derfor eit stort kunnskapshol.

Lokalitet A1
Foto: © Nina Torp / BONO

Biografi

Nina Torp

  • Biletkunstnar busett i Oslo.
  • Utdanna ved Royal College of Art, London, Kent Institute of Art & Design, Maidstone, École des Beaux-Arts de Toulouse, Frankrike og Oslo Fotokunstskole.
  • Prosjekta hennar tek for seg persepsjon og minne. Ved å forske, analysere og tolke historisk materiale undersøkjer ho korleis vi skaper kultur og kollektivt minne.
  • I 2016 blei fyrste del av prosjektet SITUASJONAR vist ute på to arkeologiske utgravingar i Arendal-området.
Foto: © Nina Torp / BONO
Foto: Ellen C. Holte /© Kulturhistorisk museum, UIO

 

Prosjektet er støtta av

 

Publisert 10. jan. 2018 10:21 - Sist endra 13. mai 2020 08:42