English version of this page

Smidd for å drepe - ei vikingøks blir skapt på ny

Sjå både original og kopi av øksa, og også bilete og film frå smieprosessen på mesaninen i Vikingskipshuset. 

smeden smir øks

©Kulturhistorisk museum, UiO/ Kirsten Helgeland

Ei uvanleg grav

I 2011 oppdaga arkeologar ein gravplass ved Langeid i Setesdalen. Blant eit titasl graver, skilde ei av dei seg ut frå dei andre. Den hadde kraftige stolpehol i hjørna, noko som viste at grava kanskje hadde hatt eit overbygg. Eit praktsverd og ein stor breiøks blei funnen i grava.

Breiøksa

I vikingtidas siste fase byrja ein å lage ein øksetype berekna berre til for strid, breiøksa. Strømlinjeforma og elegante, men samtidig ein hardtslåande drapsreiskap. Folk frykta dei profesjonelle øksekrigarane.

Skapt av myrmalmsjern

Rusthaldig jord frå myrområde blei brukt til å framstille jern i vikingtid. Råjern av denne typen utgjorde utgangspunktet for økseframstillinga. Ved bruk av vikingtidas smieteknikkar skapte vi breiøksa frå Langeid på ny.

Økseprosjektets nettside har biletegalleri og video frå prosessen med økseframstillinga

Publisert 5. juli 2016 14:56 - Sist endra 22. mai 2020 15:06