English version of this page

Ti samiske tidsbilete – Logi sámi áigegova

Samisk samtidsdokumentasjon med fotografi og tekstar oppdaterer museets permanente Arktis-utstilling. Sosialantropolog Jorunn Eikjok og fotograf Ola Røe dokumenterer ulike folks liv i landa som utgjer Sápmi; område i Noreg, Finland, Sverige og Russland.

Bildet kan inneholde: høyt skip, kjøretøy, skip, vannscooter, båt.

Loparskaya. Foto: Ola Røe

Ti samiske tidsbilete lyfter fram mangfaldet i Sápmi og viser personlege portrett av menneske, landskap, tradisjonar og språk i endring. Via kjenslevare foto og spennande forteljingar møter du menneske frå ni samiske miljø, i alle alderar og med ulike meiningar og forhold til sin samiske identitet. I det tiande tidsbiletet “Storbysamar” er fire generasjonar storbysamar representert.

Boka og vandreutstillinga Ni samiske tidsbilete er utarbeidd av kulturprodusent Jorunn Eikjok og fotograf Ola Røe, i samarbeid med RDM-Sámiid Vuorká-Dávvirat/ De Samiske Samlinger og med støtte frå Samediggi/ Sametinget. Dei ansvarlege for utstillinga har samarbeidd med staben ved Kulturhistorisk museum om å lage ein eigen versjon for museet.

Utstillinga Ti samiske tidsbilete i Historisk museum blir ståande i minimum to år, og er teksta på nordsamisk, engelsk og norsk. Utstillinga opptek ikkje mykje areal, men gjev eit oppdatert lyft til den samiske delen av Arktis-utstillinga i 2. etasje i Historisk museum.

Med atterhald om endringar om utstillingsperiode

Besøk oss - billettprisar, kart og opningstider

Publisert 29. sep. 2015 12:25 - Sist endra 19. mai 2020 14:43