Tibet var min heim

Denne fargerike utstillinga ynskjer å formidle tibetanaranes kvardagar og festdagar borte frå sitt eige heimland.

Bildet kan inneholde: mennesker, kunst.

– Eg var berre sju år då vi flykta over Himalaya til Nepal, fortel jenta til høgre på biletet. Saman med mange tusen andre tibetanarar, reknar ho no området ved den buddhistiske heilagdomen i Kathmandu som sin heim.

Små og store utstillingsrom er fylt med blant anna bøneflagg, popmusikk, alter, korte filmar og festdrakter - som ein kan prøve på! Alt etter alderstrinn og førebuingar, kan ei omvising i Tibet var min heim hjelpe elevane til å kunne:

  • bli kjent med tibetanaranes kultur og historie
  • fortelje om korleis buddhismen kjem til uttrykk gjennom bøner, ljostenning og meditasjon
  • kjenne att buddhistiske symbol og heilagdomar, som blant anna stupaer
  • skildre høgtider og ritual i buddhismen, blant anna tibetansk nyttår og pilegrimsreiser
  • forstå kva ein meiner med minoritet og urfolk
  • forklare kvifor nokon flyktar frå sitt heimland
  • drøfte korleis det kan vera å kome til eit framand land som flyktning
  • samtale om identitet og kultur
  • oppleve verdien av verdas kulturelle mangfald
  • samtale om omgrepet "Sem Zangpo", som i tibetansk buddhisme tyder å handle utifrå eit godt hjarte.

Forslag til førebuingar og etterarbeid på skulen

  • Finne Tibet, Kina og Kathmandu på kartet
  • Fortelje om konflikten mellom Kina og Tibet
  • Finne ut kvirfor Dalai Lama fekk Fredsprisen
  • Repetere stoff om buddhismen - ritual, høgtider, tempel
  • Lese om den bortførte 16-åringen Panchen Lama
  • Sjå bilete av stupaen i Noreg
  • Diskutere kva ein meiner med orda flyktning, urfolk og minoritet
  • Samtale om kva ein ville tatt med seg dersom ein måtte flykte til eit anna land
  • Finne ut om nordmenn har måtta leve i eksil utanfor Noreg
  • Samtale om korleis vi feirar nyttår i Noreg

Fakta om Tibet

  • Tibet blir kalla "Verdas tak" (gjennomsnitt 4000 moh.).
  • Det lever 5,5 millioner tibetanarar i heile verda.
  • 2,5 millioner lever innanfor den autonome tibetanske regionen (TAR).
  • Dei fleste andre lever i andre kinesiske provinsar.
  • På grunn av dagens innvandring er kinesarar no majoritet i mange tibetanske byar.
  • Tibet (TAR) er ca. fire gonger så stort som Noreg.
  • Tibet blei samla til eit rike på 600-talet e.Kr.
  • Buddhismen blei innført og Tibet blei ei stormakt på 700-talet.
  • Den religiøse og verdslege leiaren blir kalla Dalai Lama.
  • Kina tok makta i Tibet i 1950, og oppretta TAR i 1965.
  • Dalai Lama flykta til India i 1959, og leiar eksilregjering derifrå.
  • 140 000 tibetanarar lever i eksil, dei fleste i India.
  • I Noreg lever det ca. 30 tibetanarar.
  • I Oslo finst eit kloster basert på tibetansk buddhisme.

Bilete av Matthieu Ricards

Matthieu Ricard sine bilete

Lenkjer

Original versjon

Sjå den opphavelege versjonen av nettutstillinga

Publisert 15. apr. 2020 08:33 - Sist endra 4. mai 2020 08:08