English version of this page

We paint the Stories of our Culture

Australsk aboriginkunst frå drøymetida til kunstgalleria.

Bildet kan inneholde: tekst, font, brosjyre.

Utstillingsopning torsdag 3. februar 2011. Utstillinga står til og med sundag 8. mai 2011.

Utstillinga er på reposet i andre etasje i Historisk museum, Frederiksgate 2 (ved Tullinløkka) i Oslo.

Om utstillinga

- Vi har lenge lytta til kvite folks historier. No er det på tide at dei kvite lyttar til og deler våre historier, seier Patricia Marrfurra. Ho er ei av dei australske aborginarkunstnarane som er representert i utstillinga.

Kunsten i utstillinga er produsert for sal. I det australske storsamfunnet har Australias urfolk, aboriginane, oppnådd anerkjenning for kunsten sin. Motiva er basert på kunstnaranes tolking av eigne tradisjonar, historie og religiøsitet. Med kvart av kunstverka følgjer motivets historie, fortalt av kunstnaren sjølv. Slik formidlar aboriginarar sin kultur og identitet til kunstpublikummet og andre interesserte.

På den internasjonale kunstmarknaden

I dag produserast aboriginsk kunst i ulike medium for sal på den internasjonale kunstmarknaden. Stadig veksande anerkjenning og aukande produksjon gjer at aboriginkunst no er godt representert i kunstgalleri, museum, suvenirbutikkar og kunstauksjoner både i Australia og internasjonalt. Kunsten har blitt eit politisk og kulturelt talerør for Australias minoritetsbefolkning.

Drøymetida

Mange av motiva er knytt til drøymetida. Aboriginanes drøymetid er alle tings opphav. Det er ei mytologisk fortid då forfedreåndene skapte jorda, dyra, menneska og lovene. Drøymetida har verken byrjing eller slutt, men eksisterer parallelt med vår tid. Ånda til dei døde går tilbake igjen til drøymeverda.

På sentralørkenspråket Arrernte blei ordet altyerre brukt om draum og tida for skapinga. Det var eigentleg sosialantropologar som tok i bruk omgrepet drøymetid når dei skulle omtale aboriginanes myter om verdas og menneskets skaping, og deira omfattande religiøse system.

Marginalisert

I dagens Australia er det ca. 250.000 aboriginarar. Sannsynlegvis innvandra dei til Australia for ca. 60.000 år sidan. Bruk av bilete har vore sentral i kulturen, det finst framleis holemåleri som viser aboriginanes liv for nesten 50.000 år sidan. James Cook ”oppdaga” Australia i 1788. Etter at den kvite mann erobra kontinentet, har Australias urfolk vore marginalisert. Australske ordbøker definerte aboriginane som ein del av faunaen heilt fram til 1969. Diskrimineringa av urfolka er ikkje over, men gjennom kunst og krav om rett til land, skjer det ei positiv utvikling.

Forskingsprosjekt

Utstillinga har blitt til som eit resultat av ei doktorgradsavhandling. Sosialantropologen Maria Øien har gjennomført to lange feltarbeid i det aboriginske samfunnet Daly River-Nauiyu Nambiyu ca. 240 kilometer sør for Darwin i Nord-Australia. På den vesle staden med ca. 400 innbyggjarar deltok ho i drifta av eit lokalt kunstsenter, Merrepen Arts.

− Tilhøvet mellom kvite og aboriginarar kan vera problematisk, fordi vår veremåte kan oppfattast som påtrengjande av aboriginane. Eg fann ut at den beste framgangsmåten var å vera litt tilbakehalden, samtidig som eg arbeidde hardt på kunstsenteret og viste interesse for kunsten deira. Etter nokre veker blei eg invitert på jakt. Det blei starten på deira aksept av at eg var til stades. Etter eit par månader blei eg ”adoptera” som ein del av slekta deira, fortel Maria Øien.

Kunsten er i ein skapingsprosess

Maria Øiens doktorgradsprosjekt er å utføre ein antropologisk analyse av aboriginkunst ved å studere kunstrørsla ved Merrepen Arts i Nauiyu Nambiyu i Nord- Australia.

− Kunsten er nært knytt til den kulturelle og sosiale konteksten som er skildra ovanfor. Derfor gjev kunsten eit godt utgangspunkt for å forstå og analysere samfunnet Nauiyu og kunstneranes vere i verda.

− Eg vil analysere konteksten i ein kunstproduksjon, korleis kunstmotiva blir utvikla gjennom bruk av symbol, stilar og motiv, og korleis kunsten blir presentert på kunstmarknaden. Dette vil kartleggje korleis kunsten blir til og utviklast som resultat av eit kontinuerleg samspel mellom kunstnaranes kreative intensjonar, kulturelle målekonvensjonar og kunstmarknadens etterspørsel, fortel Maria Øien.

Copyright på bileta i webutstillinga høyrer til kunstnarane og deira kunstsenter og må ikkje kopierast utan løyve.

Innhald

Kunstnarar

Ressursar

Lenkjer

Alle kunstsentera er interesserte i å selje kunst til Noreg.

Opphaveleg versjon

Sjå utstillingas opphavelege nettside

Publisert 17. mars 2020 08:26 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43