English version of this page

Dilly-vesker av sandpalmefiber

Eit godt eksempel på aboriginske kunstnarars nytenking er warrgadi, dilly-veskene.

Veskene blir laga av fibrar frå merrepen, sandpalma. Dei representerer gamal kunnskap om ein komplisert og tidkrevjande løkkevevingsteknikk som blir overført frå mor til dotter. Veskene var opphaveleg berenett. No blir dei laga og seld som brukskunst, og kunstnarane eksperimenterer med veskenes form, farge og storleik.

Dilly-veskene som er presentert her er alle produsert av fiber frå sandpalma, også kalla viftepalme på grunn av bladas karakteristiske vifteform. Dei nye skota blir trekt ut av palmas krone før blada faldar seg ut. Dei tynne fibrane blir så forsiktig trekt av på begge sider av palmebladet. Fibrane blir tørka og farga.

Opphaveleg brukte aboriginane raud oker til farging. Okeren blei male opp og blanda med vatn i handflata. Fibrane blei så rulla i handa. Dette var tidkrevjande, så veskene blei vanlegvis produsert utan farge.

I dag eksperimenterer kunstnarane med ei rekkje naturlege fargestoff frå røter, frø og bark. Fibrane får gul, oransje, raud, grøn, brun og lilla farge. Slik farging blei mogeleg då aboriginane fekk tilgang til metallboksar som kunne brukast til å koke fibrane i. Fibrane blir kokt saman med vatn, bark eller frø over bålet. Tråden blir laga ved å rulle fibrane saman på låret, og ein spesiell løkketeknikk blir brukt for å lage veskene. Desse veskene blir bore med stroppa over panna og veska bak på ryggen, slik at hendene er frie til å sanke bushmat. Store fiskenett produserast også på denne måten. Netta blir brukt til å fange småfisk og reker i grunne vasshol og elver.

Utstillinga viser ei dilly-veske frå Nauiyu produsert i 2007, og to mykje eldre (1895 og 1950) dilly-vesker frå Kulturhistorisk museum si samling. Dei eldre veskene er knytt med same løkketeknikk og av same fiber som veska frå 2007, men er heilt utan farge.

Bildet kan inneholde: gul, bag, wicker, veske, skulderveske.
Dilly-veske av Kitty Kamarrama.
Bildet kan inneholde: hekle, brun, bag.
Dilly-veske frå Kulturhistorisk museum si samling. Frå 1950.
Bildet kan inneholde: bag, veske, hobo bag, brun, så.
Dilly-veske frå Kulturhistorisk museum si samling. Frå 1895.

Dilly-veskeproduksjon

På tv-skjermen blir ein ni minuttar lang film presentert, der Molly Yawalminy og mor hennar Mercia Wawul skildrar ulike trinn i dilly-veskeproduksjon. Dei er stolte av sin tradisjonelle kunnskap. Den blir overført frå generasjon til generasjon, og blir no formidla også til handverksinteresserte besøkjande som beundrar og kjøper fiberveskene som brukskunst.

Publisert 17. mars 2020 08:25 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43