English version of this page

Drøymetida

I fleire av utstillingsmotiva skildrar kunstnarane drøymetidshistorier. Ordet drøymetid oppstod på slutten av 1800-talet.

På sentralørkenspråket Arrernte blir ordet altyerrenge brukt om hendingar og forfedrar i mytisk fortid. Fyrste del av ordet, altyerr, tyder "draum", og enge kan ein omsetje med "å høyre til" og "tida for skaping". Sosialantropologar brukte derfor omgrepet ”drøymetid” for å famne aboriginanes unike og komplekse religiøse system.

Drøymetidshistoriene er opphavsmyter. Dei skildrar dei episke handlingane til overnaturlige forfedrar. Ved universets byrjing reiste forfedrane gjennom ei uskapt verd. Med sine handlingar skapte dei jorda, dyra, plantene og tida slik den er i dag. Forfedrane gav også menneska den evige lova. Den skildrar deira samband med jorda, slektssystemet og reglane for korleis ein skal leve. Slik binder drøymetida forfedrane, landet, lova og menneska saman.

Bildet kan inneholde: mønster, kunst, tegning, illustrasjon, visuell kunst.
Fallami kurri, Havfruen og den gamle mannen, drøymetidsmotiv måla av Philip Merrdi Wilson.

Drøymetida eksisterer uavhengig av lineær tid. Den handlar ikkje berre om ei fjern fortid. Aboriginanes kosmologi er verkeleg her og nå! Verdas skaping fann stad i fortida, og aboriginane vender tilbake til sine forfedrar når dei døyr. Samtidig er forfedranes skapande kraft til stades på jorda og rundt oss den dag i dag. Drøymetida er derfor ein parallell dimensjon som alltid er til stades. Den ligg under fortida og notida, og den påverkar framtida.

Publisert 17. mars 2020 08:09 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43