English version of this page

Introduksjon

"We paint the Stories of our Culture" – Australsk aboriginerkunst frå drøymetida til kunstgalleria.

Bildet kan inneholde: brun.

Crocodille Eye av Patricia Marrfurra.

”We paint the stories of our culture” seier Patricia Marrfurra, ein av kunstnarane som er representert i denne utstillinga. Ho legg til: ”Vi har lenge lytta til kvite folks historier. No er det på tide at de kvite lyttar til og deler våre historier.” Kunst produsert av australske urfolk, aboriginarar, får stadig aukande anerkjenning i kunstverda. Arbeida blir presentert og seld på utstillingar verda over, og har på denne måten gjeve dei aboriginske kunstnarane ei stemme.

Motiva er basert på kunstnaranes tolking av eigne tradisjonar, historie og religiøsitet. Motivets historie, fortalt av kunstnaren sjølv, følgjer alltid med kunstverket. Slik formidlar aboriginane sin kulturelle identitet, kvar dei høyrer til lokalt og levemåten sin til eit publikum som for det meste er av ikkje-aboriginsk opphav.

De fleste gjenstandane i denne utstillinga er produsert som samtidskunst for sal. Samtidig har dei røter i tradisjonelle kulturelle uttrykksformer. Kunst utviklar seg ikkje i eit vakuum. Kunstnarnes fortid og notid, personlege kreativitet, og dei kontekstane kunsten sirkulerer i, er viktige for kunstens utvikling.

Publisert 31. mars 2020 14:03 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43