English version of this page

Kunsten vår er meir enn vakre bilete

For aboriginske kunstnarar er det viktig å understreke at kunsten for dei er ”meir enn vakre bilete”.

Ein sa ”kven som helst kan måle vakre landskapsbilete, men vi målar vår kultur, og det er det berre vi som kan”.

Kunstnarane deler sin kultur og levemåte gjennom bileta. Deira håp er at publikum verdset både motivhistoria og verkets estetiske kvalitetar.

I dag blir aboriginsk kunst produsert i ulike medium for sal på den internasjonale kunstmarknaden. Stadig veksande anerkjenning og aukande produksjon gjer at aboriginkunst no er godt representert i kunstgalleri, museum, suvenirbutikkar og kunstauksjonar både i Australia og internasjonalt.

Kunsten har blitt eit politisk og kulturelt talerøyr for Australias minoritetsbefolkning. Samtidig har den også blitt eit symbol for australsk nasjonal identitet.

Bildet kan inneholde: mønster, motif, paisley, visuell kunst, kunst.
Emire, vasspytonslange, måla av Elaine Longmirr.

 

Publisert 17. mars 2020 08:23 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43