English version of this page

Motiv og motivhistorier

Aboriginske kunstnarar seier ”Vår kunst er ikkje berre funnen på, den kjem frå drøymetida. Vi gjev dykk vår kultur gjennom vår kunst”.

Verk av aboriginske kunstnarar blir derfor alltid følgd av motivhistoria. Motivhistoriene formidlar særeigne drøymetidshistorier, lokal kulturell kunnskap, geografiske stader eller tradisjonelle skikkar slik som måleria skildrar. Aboriginske kunstnarar ser kulturformidling gjennom sal av kunst med motivhistorie som ein hovudmotivasjon for sin kunstproduksjon.

I denne utstillinga finst kunstnaranes motivhistorier på kunstetikettane til kvart verk. Slik blir utstillinga, i form av både bilete og tekst, dei aboriginske kunstnarnes talerøyr.

Drøymetidsmotiv

Aboriginsk kunst brukar mange ulike typar motiv, eitt er drøymetidshistorier. Når ein kunstnar målar sine slektseigde drøymetidshistorier er dei personlege, åndelege og viser sambandet med landet og forfedrane.

Motiv viser skapinga av stader, dyr, fuglar, planter og menneske. Dei kan også formidle eit moralsk poeng ved å minne menneska om å følgje forfedranes evige lov, nedlagt ved drøymetidas byrjing. Nokre motiv er så heilage at dei ikkje kan bli vist eller seld til utanforståande.

Bildet kan inneholde: mønster, visuell kunst, teppe, kunst, design.
Mukaki Jukurrpa, drøymetidshistorie om villplommer av Bessie Nakamarra Sims.

Bushmatmotiv

Bushmat er ein annan vanleg motivtype. Før var kunnskap om jakt, fiske og matsanking i bushen sjølve livsgrunnlaget til aboriginane. I dag er dei ikkje direkte avhengig av maten dei finn i bushen. Likevel er jakt og sanking ein stor del av aboriginanes liv. Når høve til ein bushtur byr seg, blir bilen fylt med forventingsfulle deltakarar. Sanking av bushmat varer som regel til solnedgang. Så blir bushmaten gjort i stand på bålet medan historier blir utveksla.

I Nord-Australia er året delt mellom regntid og tørketid. Aboriginane skil mellom så mange som sju årstider der ulike typar mat blir sanka, jakta og fiska. Kvar årstid og matsesong blir innleia av teikn i naturen. Det er viktig for aboriginane å ta vare på og vidareføre denne tradisjonelle kunnskapen om sesongteikn, jakt, sanking og tillaging av bushmat. Dette blir gjort under bushturar, men no også gjennom kunsten i bushmatmotiv. Bushmatmotiva presenterer på denne måten aboriginanes kvardagsaktivitetar, livserfaringar og lokalkunnskap.

Bildet kan inneholde: oransje, mønster, tekstil.
Anaty, bushpotet av Jeannie Mills Pwerl. Klikk på biletet for å sjå det i større format.

Tradisjonsmotiv

Aboriginane målar også sine skikkar, både dei som fortsatt blir praktisert og dei som berre lever i folks minne. Motiva kan vera ritual for fødsel, død og overgangen frå barn til vaksen. Innhaldet og meininga i rituala blir formidla no gjennom kunsten. Slik tar aboriginane vare på minnet om tidlegare tiders ritual. Kunstpublikumet blir samtidig kjend med dei tradisjonar og verdiar som fortset å vera ein viktig del av aboriginanes kultur. I kvart motiv deler kunstnaren si livsverd med kunstpublikumet.

Bildet kan inneholde: oransje, mønster.
Awely, kvinneritual av Queenie Lion Kemarre.
Bildet kan inneholde: tekst, linje, font.
Forklaring av kunstetikettar

 

Publisert 17. mars 2020 08:19 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43