English version of this page

Tunga og coolamon

Tunga og coolamon er behaldarar som blei brukt til å frakte bushmat i. Barkbehaldaren, tunga, blir laga og brukt på Tiwi Islands. Coolamonen blir laga av tre. Den blir produsert og brukt over heile Sentral- og Nord-Australia.

Tungaen i utstillinga har tradisjonell form. Coolamonen har kunstnaren derimot tilpassa si rolle som kunst eller suvenir. Denne er produsert i koffertstorleik, betrakteleg mindre enn den ville vore dersom den var laga for praktisk bruk. Begge er dekorert med mønster inspirert av seremoniell kroppsmåling.

Bildet kan inneholde: tradisjonelle koreanske musikkinstrumenter, koto, indiske musikkinstrumenter, kobber.
Tunga, barkbehaldar dekorert med seremonielt kroppsmålingsmønster, laga av Lorraine Babui.
Bildet kan inneholde: tre.
Coolamon dekorert med tradisjonelt kroppsmålingsmønster.
Bildet kan inneholde: mønster, utskjæring, arkitektur, tekstil.
Bark frå tetreet måla av Kieren Karritpul McTaggart.

Måleriet er laga av ein kunstnar frå Fitzmaurice-regionen. Det er hans tolking av barkstrukturen i treet ein lagar coolamon av.

Trass av variasjon i medium og personleg stil viser desse tre gjenstandane tydeleg sambindingane mellom ulike regionar i Australia. Alle tre er eksempel på korleis tradisjonelle gjenstandar blir laga på nye og kreative måtar no som dei blir verdsett og seld som kunst.

Publisert 17. mars 2020 08:21 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43