English version of this page

Verdas eldste kunstform

Aboriginanes kunst blir ofte omtale som verdas eldste kunstform.

Mange av motiva i dagens samtidskunst byggjer på drøymetidshistorier, tradisjonar og mønster som kan sporast 50.000 år tilbake i tid. Dei blei nytta i rituelle samanhengar og måla på kroppen, i sanden, på holeveggar og på heilage tregjenstandar.

Bildet kan inneholde: moderne kunst, kunst, tre, font.
Barkmåleri frå Kulturhistorisk museums samling. Lawrence Nganjmirra, Anhem Land regionen, 2010.

Dei to barkmåleria som blir presentert her viser noko av denne kontinuiteten. Det store er samtidskunst laga i 2010. Det vesle måleriet under er frå Kulturhistorisk museums eldre samling. Det eldre og det nye barkmåleriet har klare likskapar i bruk av medium og motiv. Kenguruen finst på både det eldre og det nye måleriet. Begge er laga i Arnhem Land regionen. Kunstnarar frå Arnhem Land har tatt eit bevisst val. Dei målar med okermåling på flak av eukalyptusbark, slik deira forfedre gjorde.

Bildet kan inneholde: gjenstand.
Bark frå Kulturhistorisk museums samling. Innkjøpt i 1965 ved Galleri 27 i Oslo.

Motiva dei vel liknar tradisjonelle holemalerier i stil og innhald. Forskjellen mellom det gamle og det nye måleriet ligg i kunstnarens intensjon med verket, og kunstverdas anerkjenning av det. Det gamle barkmåleriet blei laga for bruk i ritual. Museet kjøpte det som ein etnografisk gjenstand frå aboriginsk kultur.

Samtidsmålerane ser på seg sjølv som kunstnarar som produserer kunst for sal. De målar tradisjonelle historier, men lar ofte personleg stil prege motivet. Ikkje minst er desse måleria no anerkjent av galleri og museum som kunst med estetisk og kulturspesifikk verdi.

Publisert 17. mars 2020 08:15 - Sist endra 29. apr. 2020 10:43