Bessie Nakamarra Sims

Bessie Nakamarra Sims, f. 1932
Warlpiri. Nakamarra
Warlukurlangu Artists Aboriginal Association
Yuendumu, Warlpiri Tanami Desert,
Central Desert regionen


Mukaki Jukurrpa

Drøymetidshistorie om villplommer
Akryl på lerret

”Drøymetidshistoria om villplommer fortel om ei gruppe heroiske forfedre, mukaki, som reiste frå Wirlki til Yiwinji. Også ein annan stad, Watungurra, i nærleiken av Nyirrpi og omtrent 160 km sørvest for Yuendumu, blir assosieret med denne drøymetidshistoria. Staden kunstnaren har måla blir eigd av menn frå klanane Jakamarra/Jupurrurla og kvinner frå klanane Nakamarra/Napurrurla.

Villplommer blir plukka når dei har tørka i sola. Dei kan målast opp og tilsetjast vann for å lage ei søt masse. Kvinner på vandring brukte å presse ut safta frå desse plommene for å drikke den. Dei svarte, modne plommene kunne også brukast til kropps- eller sandmåling i seremoniar. Før i tida brukte folk også å bruke plommesafta på huda si for å gjera den mørkare.”

Motivet her er måla i fugleperspektiv. Dei runde sirklane er treet watiya som plommene veks på. Dei krumme linjene er treets røter, yartura. Dei små sirklane samla i klasar er treets blomster, jinjirla. Dei svingande linjene er stiane kvinnene går på når dei sankar villplommer. Halvmånane med ein strek ved sida av er kvinnene sjølv som sankar bushmat med gravestokkane sine.

Publisert 17. mars 2020 07:51 - Sist endra 30. apr. 2020 10:53