Biddy Lindsay Yinyguun

Biddy Lindsay Yiyguun, f. 1940
MalakMalak og Ngolok Wanga
Dek Delikan 
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: insekt, brun, skadedyr, invertebrate.

Merrepen

Sandpalme
Djuptrykk på papir

”Dei nye skota på merrepen, sandpalmen, blir brukt i dilly-vesker. Ein trekkjer dei nye skota ut av palmas kjerne før blada får falda seg ut til vifter. Fibrane blir forsiktig losna frå bladet og tørka. Så blir dei farga med fargestoff frå bark og frø. Tråden blir laga ved å rulle fibrane saman på låret. Med ein spesiell løkketeknikk som blir overført frå mor til dotter blir veska knytt saman.”

Bildet kan inneholde: tekst, illustrasjon, grafikk, visuell kunst, tegning.

Mussel Bags

Muslingkorger
Djuptrykk på papir

”Dette er to muslingkorger laga av fletta delik-strå. Korgene blei brukt til å frakte dei muslingane vi hadde samla heim til leirstaden. Vel heime blei muslingane steikt på bålet og ete. Dersom det blei nokre muslingar til overs la vi dei nedst i muslingkorga og senka den ned i vatn. Slik oppbevarte vi muslingane ferske til dei skulle etast.”

Publisert 17. mars 2020 08:01 - Sist endra 30. apr. 2020 10:53