Cathrine Ariuu

Bildet kan inneholde: halskjede, hår, mennesker, frisyre, hud.Cathrine Ariuu, f. 1947
Ngan’gikurrungurr. Ngambu Ngambu
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: font, visuell kunst.

Floating Lilies

Flytande vassliljer
Djuptrykk på papir

”Dette er flytande vassliljer. Dei veks i overflod i våre vasshol i heile Daly River-regionen. Vi vader ut i vassholet og samlar stilkane, dei runde røtene som veks under vatn, og nøtene til desse liljene. Alle delar kan etast rå eller etter steiking på bålet.”


Bildet kan inneholde: brun, tekstil, kunst, visuell kunst, mønster.

Yirrng

Grisetryne-skilpadde
Akryl på lerret

Yirrng er ein dårleg symjar som flyt langsamt gjennom vatnet. Tidlegare fanga vi dei ofte ved å stå i elvevatnet til livet, følgje boblene og gripe tak i kanten av skalet deira. I dag fangar vi dei med handhalden line med krok kasta frå elvekanten.

Det er vanleg å lage til skilpaddene ved å steike dei på magen over glørne frå bålet. Den kan også steikast på ryggen, då samlar ein krafta frå det feite kjøtet inne i skallet til ei kraftig fiskesuppe.

Store skilpadder kan også lagast til i jordomn. Jordomnen blir laga ved å grave eit hol i bakken, fylle det med steinar og tenne eit stort bål i det. Når bålet har brent ned er steinane varme. Då pakkar ein skilpadda inn i grøne blad og bark frå tetreet og legg den oppå steinane. Dette blir dekt til med jord og steikast langsamt. Steikt på denne måten blir det feite skilpaddekjøtet spesielt saftig.” 

Publisert 16. mars 2020 14:15 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54