Gracie Kumbi

Gracie Kumbi, f. 1968 
Ngen’giwumirri. Malfiyin 
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River, 
Fitzmaurice regionen


Bildet kan inneholde: mønster, brun, design, organisme, tekstil.

Atyalmerr

Stor Barramundi-fisk
Akryl på lerret

”Dette måleriet er om barramundi. Når vasstanden er høg under regntida fiskar vi ikkje barramundi-fisk, fordi vi veit vi ikkje vil få napp. Vi ventar til vasstanden i elva søkk. Når lufta blir fylt av augnestikkarar mot slutten av regntida, veit vi at det er den beste tida til å fiske etter barramundi. Fisken blir laga til ved å steike den heil rett på glørne frå bålet. 


Bildet kan inneholde: grafikk, botanikk, mønster, organisme, tegning.

Emelpe

Djevelrokker
Djuptrykk på papir

”Djevelrokka finst i elva. Under regntida når vatnet står høgt kan du sjå dei øvst i vassflata langs elva, medan dei et av småfiskstimar vi brukar som agn. Vi fangar djevelrokka ved å fiske med handhalden line og krok som vi festar ein kjøtbit på. Dei kan også spiddast med spyd. Den farlege piggen dei har ved halen blir forsiktig fjerna. Så lagast rokka til i ein jordomn.

Jordomnen blir laga ved å grave eit hol i bakken, fylle det med steinar og tenne eit stort bål i det. Når bålet har brent ned er steinane varme. Då pakkar vi inn djevelrokka i grøne blad og bark frå tetreet og legg alt over steinane. Dette blir så dekt til med jord og slik steikast det langsamt. Det feite fiskekjøtet til djevelrokka blir ekstra saftig når det er laga til på denne måten.” 

Publisert 16. mars 2020 14:29 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54