Johnny Yungut Tjupurrula

Johnny Yungut Tjupurrula, f. ca. 1930 
Pintupi 
Papunya Tula Artists 
Papunya, Tula,
Western Desert regionen


Marrapinti

Stadnamn
Akryl på lerret

”Dette motivet viser ei hole rett ved eit vasshol ved ein stad som er kalla Marrapinti, vest for Pollock-åsane i staten Vest-Australia. I drøymetida reiste ei gruppe tingari-menn til Marrapinti. Desse mennene var mektige forfedrar som reiste over heile landet, utførte ritual og skapte ulike stader. Deira lære er bevart og blir i dag overført i ei rekkje songsyklusar knytt til ulike landområde.

Songane blir overført mellom generasjonar og skildrar skikkanes opphav og stadanes skaping. På staden som er måla i dette motivet blei beinet som blir tredd gjennom nasen i seremoniar brukt for fyrste gong. Dette nasebeinet heiter marrapinti, og det har gjeve staden namn. I dag er det bare den eldre generasjonen som ber nasebeinet ved seremoniar.

Sirkelen i sentrum av biletet er sjølve hola på denne staden, og dei sirkulære linjene rundt er sanddyner som ligg omkring, tali.”

Publisert 17. mars 2020 07:52 - Sist endra 30. apr. 2020 10:54